Artikkel om frøsanking og dyrking av ville vekstar (artikkel frå medlemsbladet «Sopp og nyttevekster»)

Guttorm Flatabø og Béatrice Bieuville er medlemmer i KVANN og driv Plantemangfald AS
saman. I medlemsbladet til Norges sopp- og nyttevekstforbund har dei to skrive ein artikkel om å
sanke ville frø og dyrke dei i eigen hage. Ved å dyrke ville artar, er ein med på å ta vare på
artane og eigenskapane deira.

Vern og bevaring av nyttige plantar er viktig, det gjeld både dei vi kjenner frå landbruket og
hagebruket, og dei viltveksande plantane våre.
Bevaring av plantemangfaldet i naturen og eigenskapane hos dei ulike artane kan bli eit særs
viktig arbeid for framtida, kanskje gjeld dette særleg bevaringa dei ville slektningane til
kulturplantane. Til dømes kan vi krysspollinere ville slektningar med dei kultiverte plantane
våre, for å avle inn eigenskapar som gjer dei motstandsdyktige mot plantesjukdomar eller
tilpassingsdyktige for klimaendringar. Slike ville slektningar vert gjerne kalla «crop wild
relatives», CWR. Nordgen har eit prosjekt for bevaring av slike artar, som er støtta av Nordisk
ministerråd.

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: