Den nye organisatoren i KVANN

– Guri Bugge er rett dame på rett plass, seier styreleiar Merete Furuberg om den nytilsette organisasjonssekretæren i KVANN. Sjølv om Guri Bugge kan meir om å drepe plantar enn å halde dei i live. Ho er nemleg paleobotanikar.

Av Marit Bendz

Med lang praksis som miljø- og klimakoordinator på fylkesnivå, kjenner ho organisasjonslivet og labyrintane innafor politikk og byråkrati, noko som kjem godt med når ho snart tek til i jobben for KVANN og Schübelers hager.

Ta vare på engasjementet

– Organisasjonsbygging og prosjektstyring er viktige erfaringar eg tek med meg.

Eg er god på å halde styringa når mykje skjer på ein gong. Eg skal støtte dei ulike brennande sjelene med det dei treng. Halde ryddig reir, kan du seie.

– Vil du bli ei slags tante Sofie, kanskje?

Guri ler, og avkreftar det. Ho meiner at skilnaden på det offentlege og friviljuge ikkje er så stor, at dei som jobbar med klima i kommunar og fylkeskommunar også er entusiastar som vil redde verda. Men dei som jobbar i KVANN gjer det på fritida si, bruker kveldar og helgar og har ulik kapasitet, det er større variasjon.

– Det er viktig å ta vare på det store engasjementet til alle dei kunnskapsrike medlemmene. Då kan det vere bruk for ein god byråkrat, slik at fagfolka kan jobbe i fred med det dei er best på. Så kan eg bidra med papirarbeid, søknader, prioriteringar i rekkefølgje og tempo og spreie kunnskap om dette viktige arbeidet, seier Guri, som meiner at KVANN har eit fantastisk potensiale, og ein langt viktigare funksjon enn folk er klar over.

Førstevalet til styret

Dette er musikk i øyra til styreleiar Merete Furuberg, som ilag med resten av styret er svært glad for at Guri takka ja til deltidsstillinga, førebels i 20 prosent.

– Sidan KVANN vart stifta i 2016 har vi drive på frivillig basis. Det betyr svært mykje for den vidare oppbygginga at vi har fått midlar til å tilsette ein organisasjonssekretær, seier ho. Det var tolv kvalifiserte søkjarar til stillinga.

Klimakoordinatoren var i utgangspunktet ikkje på jakt etter ny jobb, men som medlem i KVANN nokre år, har ho sett kor viktig arbeid organisasjonen gjer, og skulle gjerne sett at dette vert betre kjent.

– I rolla som organisasjonssekretær vonar eg å bidra til at KVANN får utløyst enda meir av potensialet til medlemmene, legge gode arbeidsplanar for både kort og lengre sikt og søke midlar slik at det er mogleg å utvide aktivitetsnivået.

Lang erfaring

Guri voks opp i og ved Molde, men har budd lenge i Sarpsborg. Ho har alltid vore interessert i natur og plantar, vart tidleg medlem av Natur og Ungdom og tok etter kvart utdanning innan paleobotanikk, vitskapen om fossile plantar. Det handlar også om å studere døyande plantar for lettare å klassifisere dei. Etter nokre år som lærar fekk ho jobb som miljøkoordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2011, og har sidan 2015 jobba i tilsvarande stilling innan klima i Østfold og Viken fylkeskommune.

Her har byråkraten samla seg arbeidserfaring i alt frå taleskriving og bistand til politikarar til økonomistyring, utarbeiding av planar og gjennomføring av konkrete og praktiske prosjekt. Dei siste åra har ho hatt ansvar for å byggje og følgje opp prosjektporteføljen til klimaavdelinga i Østfold og Viken fylkeskommune.

– Det viktigaste bidraget mitt har vore å ta hand om byråkratiet, slik at fagfolka kan få jobbe med det dei kan best. Dette har gjort oss til ein ettertrakta partnar, både for friviljuge organisasjonar, bedrifter, og forskingsmiljø i inn- og utland, fortel ho. Det skal ho halde fram med, men i redusert stilling slik at det blir rom for engasjementet i Kvann.

Heim til Vestlandet

I fjor flytta familien på fire til Hardanger. Kontrastane til det flate og varme Østfold er stor.

Mannen, som og er romsdaling, meiner at dei ikkje tel som fjell om du ikkje ser dei gjennom takvindauget.

– Vi ville flytte vestover då eldstejenta skulle byrje på døveskule, og den beste ligg i Bergen, slår ho fast. Familien såg på fleire hus, både i og utafor byen. Men då dei kom til Herand, ei lita bygd mellom Jondal og Utne, visste Guri det tvert; her skal ho bu, utan at ho skjønte kvifor. Men i etterkant ser ho at staden er perfekt for ei som er litt meir engasjert i klimaendringane enn dei fleste.

– Småbruket ligg 100 moh. og er dermed sikkert mot stigande havnivå. Det er bratt, slik at regnet fer unna, men det er ikkje skredfare her. Det ligg langt nok ute i fjorden til å unngå dei verste hetebølgene, men langt nok inne til at dei verste orkanane ikkje når hit.

For distrikta – i distriktet

Dei flytta til eit ganske nedsarva og attgrodd småbruk der nesten tre meter høge brennenesler bukka dei velkomne. Storparten av den dyrka jorda har ligge brakk, men no går det høner og vaktlar på tunet. Sakte, men sikkert tek dei jorda i bruk att, og blir kjent med biotopen sin og trivelege naboar som gladeleg deler kunnskap.

– Vi planter masse forskjellig, og ser kva som overlever. I år prøver eg meg på hjartenøtt og frukttre, og steller med kvanngarden.

– Det er ein styrke å bu og jobbe i distrikta, ikkje i Oslo, når ein skal arbeide for heile landet. Ein får ei større forståing for dei store variasjonane i vårt langstrakte land, noko som er avgjerande for å ha ein levande organisasjon i heile Norge.

I Østfold/Viken fylkeskommune har ho vore med på å byggje opp dei sosiale mediekanalane til klimaprosjekta. Denne erfaringa kjem også godt med i den nye jobben. Ho er vant med å arbeide digitalt frå heimekontor, og tykkjer det er flott at det finst slike fleksible stillingar.

– No gler eg med til å kome i gang og etablere prosessar som folk ser seg nytte i. Ting sklir lettare med litt godt byråkrati, meiner den nye organisasjonssekretæren i KVANN.

Bildetekstar (foto: Kjetil Dahle):

Helsetrøye, ikkje tvangstrøye: Guri Bugge ynskjer å støtte opp om alt det gode arbeidet som vert gjort blant medlemmene i KVANN

Hjartenøtt: Guri Bugge registrerte seg som såvareimportør slik at ho kunne importere eit lite lass frå Grimo Nuts i Canada. Dei har vore i kjøleskåpet til stratifisering i vinter, og då dei spira, planta ho dei over i store potter. Hjartenøtt har pælerot, så den vil helst ikkje flytte for mange gonger. 

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: