Svedjenepa gjenoppstår på Finnskogen

Svedjenepa har ikkje vorte dyrka på Finnskogen sida første halvdel av 1800-talet. Ikkje før no.

Av Marit Bendz

Etter nærare 200 år har ho endeleg kome heim. No står eit par hundre til tørk i drivhuset på
Furuberget, før dei skal på lager i jordkjellaren til Merete Furuberg.

Jakta på gamle frø
Sjølv står ho på kjøkenet og kuttar dei sprukne og skada opp i ei elggryte. Berre dei perfekte
skal på lager og gje masse frø neste sommar. Difor står eit par centimeter av stilken att.
Svedjenepa var den viktigaste matveksten i den skogfinske mattradisjonen (kaskinauris –
svedjekål – på finsk). Men ho er utrydningstruga, som så mange andre gamle sortar.

-Eg fann nokre svedjenepefrø frå Finland, men den varianten vart mykje større og høyrer til
ei anna line av svedjenepa, forklarer Furuberg. Men Stephen Barstow, plantefagleg rådgjever i
KVANN, klarte å få tak i nokre frø av den autentiske Finnskog-nepa på svensk side av
Finnskogen. Desse har no kome heim til den norske sida også.
Svedjenepene til Merete har kome i tre fargar; lilla, gulgrøne og kvite. Dei er meir flatklemte
enn runde.

-Både smaken og utsjånaden kan minne om kålrot, men smaken er kraftigare. Du kan
samanlikne det med svak chilipepar i forhold til paprika, forklarer småbrukaren på
Furuberget.

Det levande frølageret
Merete Furuberg, som er styreleiar i KVANN, hadde ein plan i vår om å svedje, altså brenne
skog slik skogfinnane alltid gjorde før dei sådde. Men ting går ikkje alltid som planlagt.

-Eg hadde tenkt å så både svedjerug og svedjenepe på gamlemåten, men det vart tørke tidleg
på sommaren, så styrtregn. Eg var redd dei dyrebare frøa skulle bli øydelagde, så dei kom
ikkje i jorda før i august. Men svedjenepa veks fort, det tek kring 50 dagar frå såing til moden
grønsak. Feltet er gjødsla med talle frå geit og sau, elles ingenting.

Merete Furuberg har rikeleg med talle frå både sau og geit som gjødsel.

-Eg får prøve att med svedjing neste år, seier den ukuelege optimisten.
Etter ei veke i uoppvarma drivhus, skal svedjenepene på lager i luftige ifco-kassar i den gamle
jordkjellaren på Furuberget. Der er det 4 gradar same kor varmt eller kaldt det er ute.
Gjennom vinteren må Furuberg jamleg sjekke kassane for råte.
Ho har dyrka og lagra mykje grønsaker opp gjennom åra, men aldri anna enn potet for å sette
ut att året etter. Det vert spennande om ho får det til.

-Eg håper dei byrjar å lee på seg, og oppfører seg som «pottisar», seier ho.
I mars skal svedjenepene ut i lyset, til groing omtrent som potet. Når jorda er lagleg, skal dei
ut i åkeren og lage masse frø, då må ho passe på at det ikkje vert noko krysspollinering med
andre krossblomstra vekstar, då kan det bli mykje rart som iallfall ikkje er svedjenepe.

Alle frøa spirte, sjølv om dei ikkje vart sådd før i august på grunn av tørke og styrtregn

Vegen vidare for svedjenepa
Svedjenepa er nemnt i reiseskildringane til Finnskogens apostel, Carl Axel Gottlund i 1821,
fortel Furuberg.

-Potetene kom seint hit til Finnskogen. Men då det vart forbode å svedje og potetprestane
også nådde skogfinnane, måtte våre forfedrar og formødrer gå over til å dyrke poteter. Difor
forsvann svedjenepa.

Men kvar skal svedjenepa leve vidare no? Kven skal få frø? Om ho vert dyrka andre stader,
med anna jordsmonn, klima og ver, vil ho endre seg over tid.

-Då skogfinnane brende seg vestover, flytta dei over klimagrenser og vekstsoner, endra gena
seg endra seg sakte for å tilpasse seg nye forhold. Dei vart adapterte, fortel Merete Furuberg,
som trur at det beste er om svedjenepa vert dyrka der ho naturleg høyrer heime, altså på
Finnskogen.

-Men klimaet endrar seg her også, funderer Furuberg. Stephen Barstow er samd i at ein bør
avgrense frødyrking av svedjenepa til Finnskogen.

Frødetektiv Stephen Barstow klarte å finne frø frå den autentiske Finnskog-svedjenepa i Sverige. Her er han under opninga av løkhagen i Ringve botaniske hage i haust.

-Om eg skulle halde fram med dyrking av svedjenepe i Trøndelag, vil eg kunne kalle den
Svedjenepe Væres Venner linje, eller liknande namn andre stader. På grunn av aktiv dyrking
og frødyrking, vil svedjenepa endre seg etter kvart, men det har ho alltid gjort, ho må berre
tilpasse seg raskare no.

Relaterte artikler

Hvitløkslauget

De siste 20 årene har hvitløk sakte funnet sin plass i norske hager. Noe gjennom at gamle
sorter fra nordiske hager er bevart og spredt videre, noe gjennom mer og mindre vellykkede «grønnsaksdisk» eksperimenter, noe gjennom nordmenns reiser på den nordlige halvkule og mye
gjennom innflyttere fra Øst-Europa. I dag finnes sannsynligvis et stort og ukjent sortsmangfold rundt i norske hager.

Kommentarer

Kommende arrangementer: