Kven er kven i KVANN: Hagebonde og laugsdronning
For Jana er det viktig å produsere sin eigen mat. Sjølvforsyning er tryggleik i ei uroleg tid. I tillegg gjev det meining å vere leiar i fleire av KVANN-lauga.
Tekst: Marit Benda
Foto: Jana Sandvik Brinch/Marit Bendz
Garasjetak i april: Kvar kvadratmeter vert nytta, jordbærplantane skal flytte ned i år.
Jana Sandvik Brinch er på flyttefot igjen. No skal alt ho har dyrka «på landet» i Eikelandsosen få plass i ein liten hage ovafor Haukeland sjukehus i Bergen. Buskar og tre, staudar og urter flyttar med ho til byen. Dei skal opp på garasjetaket eller inn i sjølvsnikra dyrkekassar med og utan praktiske lokk, som gjer kassane til små drivhus. Og så skal ho og mannen bygge på huset med ein stor vinterhage. Dei jobbar med søknaden om byggeløyve no. Då kjem det godt med at Jana har lang erfaring som sakshandsamar nettopp på byggesaker.
Med datsjalivet i bagasjen
Jana har hatt ei livsreise frå Murmansk til Bergen. Eit av dei første barndomsminna er på besøk hos farmor i Rostov-na-Donu, som dyrka tulipanar for sal på byrjinga av syttitalet.
– Tante tok over då farmor døydde. Men heile forretninga vart øydelagt då nederlendarane byrja å selje settelauk av tulipanar som døyr etter avblomstring. Det vil seie; dei sel genetiske misfoster.
Etter at foreldra vart skilde då Jana var 12 år, var det berre ho og mora, og jenta naut lange somrar hos mormor i Jaroslavl, nordaust for Moskva. I den vesle hagen dyrka dei alt spiseleg: frukt, bær, poteter, løk, gulrøter, agurkar, tomatar, auberginar, jordbær og bondebønner. Det var her ho lærte å bli glad i alt som gror. Naboguten synte ho korleis ein kunne tappe saft frå hengebjørk, som i følgje Jana er mykje søtare enn frå norsk bjørk.
Mikroskop som sjekketriks
Då mora gifta seg med ein nordmann, underviste biologen Jana i analytisk kjemi for matproduksjonsteknologar ved Universitetet i Murmansk. Etter nokre besøk til mora i Bergen, flytta dottera også til byen mellom fjella. Og etter diverse jobbar på Haukeland Universitetssjukehus og Havforskingsinstituttet, og ein runde med kreft, fleire kurs og omskulering, landa ho som sakshandsamar på byggesak i Samnanger kommune og i famna til oppfinnaren og elektroingeniøren Knut Brinch.
Første gong dei møttest inviterte han Jana opp på kontoret sitt. Der stod eit mikroskop som ingeniøren brukte for å lodde kretskort. Då var biologen fortapt, no står det i stova deira og vert hyppig brukt til å studere pollen.
Kvar er spaden?
– Mormor gjennomlevde kollektivisering og krig, då var russarane heilt avhengige av sjølvberging, fortel ho. Det var eit sjokk for den gamle babusjkaen å høyre om livet til dotter og dotterdotter på Vestlandet. Kva har nordmenn i hagane sine? undra ho.
– Blomster, svara Jana.
– Men kva dyrkar dei? Det går da ikkje an å ha hage utan å dyrke mat. Korleis får dei tak i potet?
– Kjøper i butikken.
– Dyrkar dei ikkje sjølv? Du lyg!
Då mormora kom på besøk til dotter si, ringte ho Jana første dagen og spurte kor spaden var.
– Mor di har ikkje ein gong jordbær!
Russarane har eit like varmt forhold til sjølvdyrka mat som nordmenn har til lefser og lapskaus. Det er noko heilag, difor får mange erfaring med grønsakdyrking før dei sluttar med bleier, noko Jana er eit levende døme på.
Biologen og oppfinnaren
Vasspumpe: Oppfinnar og elektroingeniør Knut Brinch set preg på hagen på sitt eige vis
Men også det russiske skulesystemet har mykje av æra for at Jana utdanna seg til biolog, noko ho bestemte seg for som sjuåring.
– Grunnskulen i Russland har mykje meir naturfag, biologi og realfag enn her. Eg har ei kjensle av at det ikkje var eg som valde yrke, men yrket som valde meg.
No lever den russiske datsjatradisjonen vidare i ein liten hage i Bergen. Og for ein hage! Det første som møter ein innafor porten er ei enorm vasspumpe.
– Den første vasspumpa i verda som kan flytte store mengder vann vertikalt med nærmast null energi, forklarer oppfinnarfrua. Energien til ei gammal lyspære er nok til å flytte hundrevis av liter med vatn vertikalt – ein draum for hydroponisk dyrking i høghus, og menneske som ønskjer å bli sjølvforsynte i byar. Ingeniørmannen er ein bergensk Reodor Felgen. Det er også han som har bygd alle plantekassane.
– Farfaren hans utforma det aller første skitrekket i Noreg, men vart funne daud under mystiske omstende i Canada, utan alle teikningane av oppfinningar han hadde med seg, fortel ho.
Laugsdronninga og ein rosa tyskar
For to år sida small det. Jana krasja på sykkel og fekk ein hjerneskade. Etter operasjon, innlagt dren, rekreasjon og sjukemelding, er det lite som viser kor dramatisk ulykka var. Ho er framleis litt nomen på venstre side av andletet, men det er ingenting å seie på energinivået og planane for hus og hage framover. Bloggen Hagebonden.no vert stadig oppdatert og arbeidet i KVANN krev sitt.
Jana oppdaga KVANN etter at ho melde seg på ein kurs med Stephen Barstow. Kurset vart avlyst, men KVANN vart oppdaga. Etter nokre år som vanleg medlem, er ho no med og leier fleire av KVANN-lauga – både for tomat, potet, kvitlauk og stueplantelaug.
– Det er ein viktig organisasjon for hobbydyrkarar. Ein skal ha mykje kunnskap for å kunne dyrke sin eigen mat. KVANN arrangerer ulike kurs både om dyrking, spiselege vekstar, poding osb. Eg lærte å pode på Arboretet i Bergen, der to av dei beste spesialistane i Noreg underviste oss, og begge er med i KVANN.
Medlemmene delar erfaringar, tankar og idear med folk som har same interesse. Av og til kan ein få tak i sjeldne frø via KVANN. Eg var heldig som fekk tre tomatsortar i år, tørråteresistente Rondabella og Resibella og ein gammal tysk sort – German Pink frå Bayern.
– Om eg ikkje tek feil, vart German Pink importert til USA frå Tyskland i 1883. Frøa vart delt mellom medlemmer i KVANN, og eg fekk tak i eitt av dei mest sjeldne frøa i verda og betalte berre for porto. For frø deler vi gratis i KVANN. Alle desse sortane er frøfaste, som vil seie at ein kan ta egne frø, og sleppe å kjøpe hybridar seinare. Frøfaste sortar er mykje tryggare enn hybridar.
Garasjetak i juli: Kvitlauk i samplanting med gulrot
Mål om sjølvforsyning
I den eine kassen i hagen har kraftige rosenkål allereie vorte ganske store i byrjinga av april, dei sådde ho i fjor haust. Jana bløytlegg nesten alle frø i vått tørkepapir først. Då veit ho at dei som spirer første har best kvalitet. Poteten Sarpo Mira er allereie komen i jorda.
– Mørkegroing gir best resultat, det er det neste ingen her i landet som veit, smiler ho lurt.
Det er framleis tidleg april, men det er plantar i alle rom, i begge etasjar. Planen er å bli sjølvforsynt med kaffi og kakao. Kaffiblada har like høgt koffeininnhald som bønnene, så dei blandar ho i urteteen.
-Truleg får eg lyst til å dyrke egen kaffi seinare, når vinterhagen er på plass, seier den ustoppelege hagebonden i Bergen.
– I år sådde eg søtbete, for eg skal produsere min eigen sukkersirup etter oppskrift frå Datsja. Eg vil vere mest mogleg sjølvforsynt, slår ho fast. Difor leiter ho etter dei rette kultivarane av oliven, Jana skal sjølvsagt presse si eiga olje også.
-Veit du – eg har funnet eit firma i Norge som har verdas tøffaste leverandør av sitrusplantar, og oliven. Leverandøren er frå Sicilia. Dersom dei leverer kultivarar til høgfjellsområde i Frankrike eller Toscana, går det fint å dyrke i ein vinterhage i Bergen, tenkjer ho. Kinesiske og japanske mandarinar og feijoa er allereie kjøpt.
Men kor skal ho gjere av alle sitrustrea, mandeltrea, fiken og kumquat til vinteren, før vinterhagen er ferdig?
– Noko skal stå i stova i vinduskarmar. Tøffe kinesiske mandarinar og feijoa skal overvintre i isolerte potter i garasjen.
Vaktelegg og honning
Eggebonden: Dottera Alisa tek ansvaret med vaktlane på største alvor
Å flytte er eit slit, det veit alle som har gjort det. Men når ein skal flytte ein heil hage…. To mål skal inn på 650 m2, der det allereie er halvfullt. Vinterhagen i to etasjar, som er under planlegging, har ei grunnflate på 40m2. Den romlege garasjen har dessutan eit stort tak, der det også er store bed. Etter ein kjapp telefon til mannen kan ho fortelje at det toler vekta av 8-900 kg jord per m2.
– Her hadde eg bringebær og jordbær i fleire år. I år blir det potet, kvitlauk, lauk, søtbete, jordskokk og gulrøter.
Men no må hagebonden dele hagen sin med dottera.
– Alisa vil bli eggbonde, så vi kjøpte vaktelkyllingar til ho. Før frukost spring ho ut til fuglane for å sjå om dei er friske. Når ho har ete, plukkar ho løvetann og skvallerkål til kyllingane sine. Vil ho bli eggebonde, må ho lære at det følgjer mykje ansvar med å ha dyr. No planlegg vi å bygge eit større vaktelhus, slik at ho kan produsere egg for sal. Veninnene mine ventar allereie på den dagen vi får eggoverskot.
Biene må vente, dei treng tilsyn som alle andre dyr, og det har ikkje Jana tid til i år. Men når vinterhagen er på plass, då vil ho ha bier att.
– Du veit – birøkt er ikkje ein hobby. Det er ein diagnose. Er ein først birøktar, vert ein fort avhengig.
Brenn for skogbrann
Etter at Jana og Knut kjøpte huset i 2014, fann hagebonden ny jobb som branningeniør i Bergen brannvesen, i gåavstand frå heimen. Skogbrann er noko ho bokstaveleg brenn for.
– Med femårig utdanning som bioøkolog, og ni års erfaring med brannførebyggjande arbeid, får eg frysningar når eg ser kva for plantar som har teke fullstendig overhand i Bergen. Furu, einer og sitkagran er dominerande. Ettersom det er svært lite beitedyr no, er det lyng i degenerasjonsfasen som dominerer i marka. Både slik lyng, furu, einer og sitka er brannbomber fordi alle nåletre har svært høgt innhald av terpentinar. Tynne små lyngkvistar blir fort tørre, og brenn fort når det er lite nedbør.
Hagebonden grøssar. I hagen i Bergen er det bonden, og ikkje vegetasjonen, som er mest fyrig.
Kommentarer