Planteformering

Rettleiing: planteformeiring frå frø

Forfattarar: Béatrice Bieuville og Guttorm Flatabø, Plantemangfald AS

Vil du laga planter frå frø eller dela frø med andre KVANN-medlemmar? Denne rettleiinga gjev deg tips for å komma i gang.

Seierslauk, karve, graskar, smalkjempe og erter. Fotograf: Béatrice Bieuville

1.     Forstå planteformeiring 

Frøformeiring er ein av fleire måtar å lage nye planter på, og ikkje alltid den beste eller enklaste. Kva som er best kjem an på art, årstid, sjukdom, vekstvilkår og ikkje minst om ein skal lage ein klon (likt DNA) eller ikkje.

La oss starta med litt plantefysiologi: Planter er enten eitt-, to- eller fleirårige . Planter, som berre lever eitt år (eittårige), er heilt avhengige av frøproduksjon, sidan dei døyr om hausten. Dei produserer ofte mange blomar og frø. Eit eksempel frå grønsakshagen er bønner. Toårige planter er også avhengige av frøformering, men dannar blomst og frø andre året etter såing. Lar du årets gulrøter vera i jorda, kan du hausta frø frå dei neste år.

Nokre planter lever tre, fem, ti, mange år. Desse lagar frø òg, men har ikkje alltid så god frøproduksjon og spiringsevne. Dei som er vanskelege å få til å spire kan du formera med skudd- eller rotstiklingar. Slik lagar du ein klon av morplanta, ei ny plante med akkurat lik DNA. Dette er ein fordel når du vil oppformera ein hybrid, og skal bevare eigenskapane til morplanta (farge, storleik, hardførheit, osv.). Med hybridar dannar ofte frøformeiring nye planter som er ulike morplanta.

2.     Del frø frå sunne planter

Frøformeiring er ein trygg formeiringsmetode samanlikna med formeiring frå levande plantematerialar slik som rot, stikling, knoll og lauk. Sjukdomar er som regel ikkje eit problem, og har du sjukdomar som klumprot i hagen, bør du absolutt unngå å dela plantedeler med jord på med andre, del heller frø.

Vér likevel varsam med frø frå sjuke planter, for både virus, bakteriar og sopp kan spreiast med frø1.

Det er tradisjon for å fermentera tomat-, graskar- og melonfrø, for å ta av hinna rundt frøa. Det kan hjelpa mot sjukdom2, og nokre gartnarar meiner at det hjelper med konservering.

3.     Kjenn opphav og ta vare på kultivar

Ei plante kan enten vera sjølvpollinert (når ho har både ho- og hanskjønnsorgan) eller krysspollinert (når det trengs to individ for å laga frø). Med krysspollinering vert DNA frå fleire planter blanda. Dette skal auka variasjon i dna og sikra at dei beste individa overlever3. Samtidig betyr det at du som samlar frø risikerer å få frukt og grønsaker som er ganske ulike morplanta, dermed ulike det du vil eigentleg ha. Risikoen oppstår når du dyrkar forskjellige kultivarar av same art. Ta for eksempeI graskarfamilien: blomane kan ikkje kryspollinerast på tvers av art, men alle kultivarane av same art, t.d. dei som heiter kjempegraskar (Cucurbita maxima) kan kryspollinerast. Blomar på hokaidograskar og banansquash kan krysspollinerast og slik lage ein hybrid av dei to kultivarane.

Skal du ta vare på ein spesifikk kultivar og unngå krysspollinering? Det finst fleire måtar å gjera det på. Det aller lettaste er å ha avstand mellom ulike kultivarar. Seedsavers.org har laga eige dokument med rettleiing for akkurat dette (på engelsk). Andre alternativ er netting (fysisk barriere) og handpollinering med q-tip.

4.     Saml modne frø

Modne frø er harde frø, ofte brune eller svarte. Artar og kultivarar dannar modne frø til ulike årstider. Planter med frø som ikkje er i fruktkjøtt (t.d. gulrot, salat, korn) kan samlast når fruktstanden har begynt å bli brun og tørr. Planter med kjøttfull frukt vert modne på varierande tidspunkt:

  • desse kan du hausta når frukta/grønsaken eigner seg som mat:
    • tomat
    • paprika
    • squash
    • melon
  • desse kan du hausta når frukta/grønsaken er overmoden og har skifta farge, dvs. blitt brun:
    • bønner og erter
    • mais
    • aubergin
    • agurk

Mange planter har frø som reiser frå planta kort tid etter at dei er modne4. Springfrø har frøkapslar som “eksploderer”, storkenebb har kapslar som slyngar ut eitt og eitt frø, og løvetann-frø har ein hårkrans som blir teken av vinden. Slike frø bør haustast rett før dei er tørre og skal til å spreia seg. Hugs også å ta godt tak og klemma rundt fruktemnet, og samla dei i ein lukka beholder, frøa kan bli slynga ut også etter innhausting. Du bør gjere deg kjent med kva som er sjølve frøet frå planta du skal hauste. Frø vil ofte vere samla i frukter, der det kan vere lett å misforstå frukta som sjølve frøet, og samle tomme, ufruktbare frø eller tomme fruktstandar.

5.     Oppbevar frøa tørt og kaldt

Frø kan spira mange år etter innhausting, og nokre spirer betre etter nokre år lagring. Men for å lukkast, så må frøa oppbevarast mørkt, tørt og kaldt. Etter at du har samla frøa og teke dei med inn, fjernar du eventuelt fruktkjøtt/hinne frå frøa, og så kan du strø dei ut på eit papir (kan vere avis eller liknande) for å tørka. Det er ikkje viktig å fjerne frøkapsel før tørking og oppbevaring. Om du ventar for lenge med tørking så kan frøa byrja å spire, eller rotna, avhengig av tid fukt og temperatur.

Frø av moskusattost som har spirt, 3 dagar etter å ha blitt om hausta inn våte og lagra i romtemperatur. Fotograf: Béatrice Bieuville

Når frøa er tørre kan du overføra dei til ein papirkonvolutt/-pose. Det å bruka pustande materiale hjelper frøa med å tørka ferdig, i tilfelle dei ikkje var heilt tørre når dei vart pakka ned, og det hindrar kondens ved temperaturendringar. Merk konvolutten godt med artsnamn, kultivar, dato og opphav. Om du vil lagre frøa lenge kan du ha papirkonvolutten i ein liten plastpose (gjerne zip-lock) og lagre den i frysen. I frøbanken på Svalbard blir frø oppbevart i aluminiums-plastposar på -18 °C.

Her er ei oppskrift på frøkonvolutt med eit A4-ark:

Lag eigne frøposar. Oppskrift fra Plantemangfald AS

Og her finn du ein video som viser framgangsmåten.

Hjå oss lagrar me frø i eit tørt kott utan oppvarming gjennom vinteren. Slik kan du oppbevara frøa i fleire år. Ein studie frå 20025 viser at spiringsevna til vassmelonfrø auka heile tida frå 0,5 til 5 år etter innsamling.

Merk at nokre frø tåler ikkje uttørking (lotus, hassel, eik) og må derfor lagrast fuktig. Det er som regel ikkje ei problemstilling for vanlege hageplanter.

6.     Så til rett tid

Såingstid er avhengig av art. Nokre artar treng ein fuktig kuldeperiode (stratifisering) for å få i gang spiringsprosessen. Du kan stratifisera frø ved å:

  • så ute (gjerne i karm) om hausten, for å herma etter naturen;
  • eller så tidleg i potter, og setja pottene ute under snøen i minst 3 veker;
  • har du ikkje rukke å så i tide, kan du stratifisera ved å ha frøa i fuktig jord i ein plastpose/-boks i kjøleskapet i minst 3 veker.

Etter stratifisering kan du la frøa spira som vanleg. Døme på planter som treng stratifisering er jordbær, rotkjørvel og physalis. Kvann og seierslauk må såast ute om hausten for å spire.

For å læra meir om frø frå planter du dyrkar, finn passande laug og les retningslinjene for bevaring eller legg ut spørsmål på veggen til lauget.

Lykke til med frøformeiring!

 

Kjelder

1. Seed transmitted diseases: It’s time we had the STD talk. (n.d.). MSU Extension. Retrieved November 1, 2022, from https://www.canr.msu.edu/news/seed_transmitted_diseases_its_time_we_had_the_std_talk

2. Chambers, S. C. & Merriman, P. R. (1975). Perennation and control of Pseudomonas tomato in Victoria. Australian Journal of Agricultural Research, 26(4), 657–663. https://doi.org/10.1071/ar9750657

3. Krysspollinering. Institutt for biovitenskap, UiO. Retrieved November 1, 2022, from https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/k/krysspollinering.html

4. Sunding, P. Frøspredning. Store norske leksikon. Retrieved November 1, 2022, from http://snl.no/fr%C3%B8spredning

5. Nerson, H. (2002). Effects of seed maturity, extraction practices and storage duration on germinability in watermelon. Scientia Horticulturae, 93(3), 245–256. https://doi.org/10.1016/S0304-4238(01)00332-6

Nettsider om frø og planteformering:

Seed Savers Exchange har en tabell på sitt nettsted og ellers mye bra guider og bøker.

Efferus har laget en enkel veileder for ulike måter å formere opp planter på.

Vegetativ formering:

UiO Institutt for biovitenskap
Royal Horticultural Society (RHS)
Nasjonal læringsarena
Efferus

New Report

Close