Podekvist Håkonseple

kr 125,00

Håkonseplet vart avla fram på Sollesnes i Hardanger i dei tider då Håkon VII vart vald som konge av Noreg. Nibio skildrar det slik:

Kring 1905 kom det nokre eple til småbruket Sjøtun i Jondal kommune som nokon hadde hatt med frå ei sjøferd. Guro Olsdotter på plassen Sjøtun planta kjernene i ein tresko, som truleg stod ute om vinteren. Sidan spira det av frøa, og svigersonen Nils Sjøtun den yngre tok seg av plantene.

Då dei tok til å bera frukt, vart det eit uvanleg godt eple. Guro ville det skulle kallast Sjøtuneple, men Nils meinte det skulle heita Håkonseple etter kongen som nett var komen til landet. Og slik vart det.

Håkonseple er ein nokså sein sort med særeigen og litt krydderaktig smak. Mange hadde sorten som sitt favoritteple, og då var det brukt som eple til jol.

https://www.nibio.no/tema/mat/plantegenetiske-ressurser/kulturplanter-i-norge/hagebruksplanter/fruktsorter/eple/hakonseple

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategori: Availability:

20 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ei ung rogn (om du ikkje har for kalde vintrar), eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist Håkonseple»