Husk å logg deg inn først, dersom du skal kjøpe en billett til medlemspris.
Laster Arrangementer

« All Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.
jan 25

Frøbyttedag i Ørsta

januar 25 @ 11:30 - 13:00

Kvar: Ørsta Folkebibliotek
Når: Laurdag 25. januar Kl 11.30-13.

Ta med det du har av overskotsfrø om du har, og bytt til deg nye og spennande sortar! Ta med frøposar, eller brett dine eigne her på biblioteket.
Ørsta Sirklehage har ein mengde overskotsfrø. Vi ynskjer å dele ut frø til dei som vil ha. Vel møtt!

Ørsta Sirkelhage arrangerar frøbyttedagen som del av KVANN sin nasjonale frøbyttedag som er sett til akkurat denne dagen på grunn av 50-års-jubileet til USA sin tilsvarande organisasjon, Seed Savers Exchange. Dei arrangerar også National Seed Swap denne dagen.
KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge) – Norwegian Seed Savers er ein nasjonal interesseorganisasjon for bevaring av plantemangfald. Dei jobbar både for å ta vare på gamle norske nytteplanter, men prøver samtidig ut nye spennande vekstar i forskjellige landsdelar fra kysten til fjellet og frå Lindesnes til Nordkapp. Dette kan gjøre oss bedre rusta til å møte klimaendringane.

Detaljer

Dato:
januar 25
Tid
11:30 - 13:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/2063787870709499

Sted

Ørsta folkebibliotek
Holmegata 7
Ørsta, 6153
+ Google-kart