Hopp til innhold
KVANN

Søk på hele nettsiden

Skriv minst to bokstaver, så kommer treffene her mens du skriver. Trykk Enter for å se alle treff på søkesiden.

podekvist

Eple - Løeple - Podekvist

Eple - Løeple - Podekvist

Historie: Løeple er frå Mjanger, Masfjorden. Den skal vera framkomen ved at Marta Mjanger sådde frø i 1925 av eple som sonen hadde med frå Amerika. Arne Toralf Mjanger (barnebarn av Marta Mjanger) kunne i 2006 opplyse at det opphavlege frøtreet var hogd og det vart teke vare på kvist av sorten da. Ved genotyping er foreldra til Løeple i samlinga på NJØS identifisert til å vera Høynes og Lærdalseple. Ploidi: Sorten er diploid. Blømingstid: Middels tidleg bløming (som Aroma) Haustetid: Tidleg…

Kun for medlemmer

135 kr

Dette produktet selges bare til medlemmer av KVANN. Som medlem får du også medlemspris på mange andre frø.

Prisene er inkl. 0 % mva. Frakt kommer i tillegg og velges i kassen.

Om produktet

Historie: Løeple er frå Mjanger, Masfjorden. Den skal vera framkomen ved at Marta Mjanger sådde frø i 1925 av eple som sonen hadde med frå Amerika. Arne Toralf Mjanger (barnebarn av Marta Mjanger) kunne i 2006 opplyse at det opphavlege frøtreet var hogd og det vart teke vare på kvist av sorten da.

Ved genotyping er foreldra til Løeple i samlinga på NJØS identifisert til å vera Høynes og Lærdalseple.

Ploidi: Sorten er diploid.

Blømingstid: Middels tidleg bløming (som Aroma)

Haustetid: Tidleg (som Discovery)

Blad: Korte til middels lange, smale til middels breie, middels høgt lengd/breidd-høve (ca. 1,5), bladrand er rundt sagtanna eller rund- og sagtanna.

Blom: Liten til middels stor, griflar er som oftast lenger enn pollenberrarar, kronblad overlappar, underside av kronblad i ballong er mørk rosa eller fiolett.

Frukt: Middels stor til stor, eggforma og ofte med tydelege åsar frå beger og nedover frukta, tverrsnitt ofte kantete, beger lukka eller delvis ope, stilk kort og tjukk, ofte kjøtfylt eller med kjøtbulk, gulgrøn grunnfarge, raud dekkfarge i flammar og striper på over halve eplet, kan ha litt korkrust i stilkhole, sveittar lite, fruktkjøt kremfarga, stundom med grønskjer, kjernehusrom delvis opne mot aksen.

Kjelder:

Arne Torolf Mjanger (pers. komm.).

Liv Gilpin og Nick Howard (pers. komm.).

Redalen, G. & S. Vestrheim 1991. Lær å dyrke frukt. Det norske hageselskap, 181 s (ISBN 82-504-1817-4)

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til sjukdomtesting. Om det blir funne spor av slikt så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Mer fra podekvist

Se alle