Hopp til innhold
KVANN

Søk på hele nettsiden

Skriv minst to bokstaver, så kommer treffene her mens du skriver. Trykk Enter for å se alle treff på søkesiden.

podekvist

Eple - Nanseneple - Podekvist

Eple - Nanseneple - Podekvist

Synonym: Dr. Nansen, Doktor Nansen, Rød Reinett Historie: I 1896 var det ein kort notis i Norsk Havetidende med tittel Nansen-Æble. Redaksjonen hadde da fått inn to eplesortar med forslag om å kalle dei Dr. Nansen. Den eine var innsendt av B.E. Mathisen frå Fredrikstad, og får bra omtale i artikkelen. Den andre sorten vart beskrive som mindre god. Sorten frå B.E. Mathisen meinte han var frå eit sådd eplefrø. B.E. Mathisen kontakta Fritjof Nansen og fekk løyve til å oppkalle eplesorten etter…

Kun for medlemmer

135 kr

Dette produktet selges bare til medlemmer av KVANN. Som medlem får du også medlemspris på mange andre frø.

Prisene er inkl. 0 % mva. Frakt kommer i tillegg og velges i kassen.

Om produktet

Synonym: Dr. Nansen, Doktor Nansen, Rød Reinett

Historie: I 1896 var det ein kort notis i Norsk Havetidende med tittel Nansen-Æble. Redaksjonen

hadde da fått inn to eplesortar med forslag om å kalle dei Dr. Nansen. Den eine var innsendt av

B.E. Mathisen frå Fredrikstad, og får bra omtale i artikkelen. Den andre sorten vart beskrive som

mindre god. Sorten frå B.E. Mathisen meinte han var frå eit sådd eplefrø. B.E. Mathisen kontakta

Fritjof Nansen og fekk løyve til å oppkalle eplesorten etter han. Mathiesens planteskole, Korsør i

Danmark, kjøpte eineretten til å formeire sorten og sendte den ut under namnet Dr. Nansen. Den

vart også formeira i planteskolen på Ås under namnet Rød Reinett. Professor Misvær ved Norges

landbrukshøgskole fekk tak i tre av Dr. Nansen frå Mathiesesn planteskole og samanlikna med

Rød Reinett. Han konkluderte med at det var same sort. Doktor Nansen var også på lista over

sortar seld frå Aamots Planteskole i Eidanger i 1914.

Omtalen av sorten frå Fredrikstad kan stemme med det vi på NJØS har som Nansen-eple når det

gjeld utsjånad.

Ein av foreldra til Nanseneple i samlinga på NJØS er ved genotyping identifisert til å vera Kvit

Astrakan. Vi har ikkje greidd å identifisere den andre foreldresorten, men den ser ut til å ha

sorten Zwibelborsdorfer i si stamtavle.

Ploidi: Sorten er diploid.

Blømingstid: Tidleg bløming (som Discovery)

Haustetid: Tidleg til middels tidleg (som Gravenstein)

Blad: Middels lange, smale til middels breie, middels høgt til høgt lengd/breidd-høve (ca. 1,6),

bladrand er oftast rundt sagtanna.

Blom: Middels stor til stor, griflar lenger enn pollenberarar, kronblad overlappar som oftast,

underside av kronblad i ballong er mørk rosa.

Frukt: Middels stor til stor, fruktform konisk, beger lukka eller delvis ope, stilk middels lang ,

middels tjukk til tjukk, gulgrøn grunnfarge, oransje til raud dekkfarge i flammar og striper på inntil

halve eplet, kan ha litt korkrust i stilkhole, fruktkjøt kremfarga, kjernehusrom er opne mot aksen.

Kjelder:

Måge, F. 2016. Norsk frukthistorie sett frå Hardanger. Skald forlag, 440 s. (ISBN 978-82-7959-

243-3).

Misvær, H. 1935. Dr. Nansen – Rød Reinett. Norsk havetidende 51(4):108-109.

Norsk havetidende 1896. Nansen-æble. Norsk havetidende 12(12):194.

Liv Gilpin og Nick Howard (pers. komm.).

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Mer fra podekvist

Se alle