Hopp til innhold
KVANN

Søk på hele nettsiden

Skriv minst to bokstaver, så kommer treffene her mens du skriver. Trykk Enter for å se alle treff på søkesiden.

podekvist

Pære - Bonne Louise - Podekvist

Pære - Bonne Louise - Podekvist

Sorten vart oppdaga i ein hage i Avranches i Normandie i 1788, som då nett var vorten kjøpt av ein kar heitande de Longueval. Sorten vart då fyrst kjent som Bonne de Longueval. Seinare fann de Longueval ut at han skulle heidra kona si, Louise, og bestemte seg for at pæresorten heller skulle kallast Bonne Louis. For å unngå navneforvirring med sorten Louis Bonne, som er ein heilt annan sort, fann dei det for godt at sorten skulle kallast Bonne Louise d´Avranches. Sidan den gong er sorten vore…

Kun for medlemmer

135 kr

Dette produktet selges bare til medlemmer av KVANN. Som medlem får du også medlemspris på mange andre frø.

Prisene er inkl. 0 % mva. Frakt kommer i tillegg og velges i kassen.

Om produktet

Sorten vart oppdaga i ein hage i Avranches i Normandie i 1788, som då nett var vorten kjøpt av ein kar heitande de Longueval. Sorten vart då fyrst kjent som Bonne de Longueval. Seinare fann de Longueval ut at han skulle heidra kona si, Louise, og bestemte seg for at pæresorten heller skulle kallast Bonne Louis. For å unngå navneforvirring med sorten Louis Bonne, som er ein heilt annan sort, fann dei det for godt at sorten skulle kallast Bonne Louise d´Avranches. Sidan den gong er sorten vore kalla både Louise Bonne og Bonne Louise.

Sorten kom til Noreg rundt 1830, då stortingsmannen C. F. Juell tok med seg fleire tre til heimen sin, Helle i Arendalstrakten, etter ein tur til Frankrike. Der etablerte sorten seg godt, og vart der kjent som Hellepærer. Sidan vart sorten spreidd til Balestrand og Ås, og vart etterkvart ein del dyrka i både Sogn og i Hardanger.

Sorten er lite hardfør, og bør plantast i lune solhellingar.

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ein frøstamme av eit pærefrø, eller ein grunnstamme av kvede eller pære (Pyrus communis). Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Mer fra podekvist

Se alle