
Pære - Comice - Podekvist
Det var eit hageselskap i Frankrike, Comice Horticol d´Angeres , som sådde nokre pærekjerner på 1840-talet. I 1849 fekk treet frukt, og det var ikkje kva som helst frukt. Det var det beste dei hadde smakt, difor ga dei sorten namnet Doyenné de Comice (komitéens beste). Sorten er oppgitt å vera blant dei mest utsøkte og fornemme sortar som er å oppdriva, og å ha ein elegant framtoning. Sorten er kravfull, og bør ha ein lun vekseplass med god jord og mykje sol. God til espaliering.
Kun for medlemmer
135 kr
Dette produktet selges bare til medlemmer av KVANN. Som medlem får du også medlemspris på mange andre frø.
Prisene er inkl. 0 % mva. Frakt kommer i tillegg og velges i kassen.
Om produktet
Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ein frøstamme av eit pærefrø, eller ein grunnstamme av kvede eller pære (Pyrus communis). Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.
Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.
Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form


