
Pære - Grønnes - Podekvist
Treet veks kraftig, og dannar ei opprett høg krone. På kvedestamme veks sorten svært svakt. På frøstamme bærer den nokså årvisst og rikt. Den er hardfør. Frukta er middels stor–stor, pære- –eggforma, grøn–gulgrøn. Kvaliteten er berre måteleg –god bordfrukt. Haustast sist i september, og held seg i vanleg lager til i oktober. (Norsk Pomologi - Pærer) Grønnespæren var ein mykje brukt pæresort på Nordmøre, og kanskje den mest vanlege sorten også i dag. Det var konsul Nicolay Knudtzon III i…
Kun for medlemmer
135 kr
Dette produktet selges bare til medlemmer av KVANN. Som medlem får du også medlemspris på mange andre frø.
Prisene er inkl. 0 % mva. Frakt kommer i tillegg og velges i kassen.
Om produktet
Treet veks kraftig, og dannar ei opprett høg krone. På kvedestamme veks sorten svært svakt. På frøstamme bærer den nokså årvisst og rikt. Den er hardfør.
Frukta er middels stor–stor, pære- –eggforma, grøn–gulgrøn. Kvaliteten er berre måteleg –god bordfrukt. Haustast sist i september, og held seg i vanleg lager til i oktober.
(Norsk Pomologi - Pærer)
Grønnespæren var ein mykje brukt pæresort på Nordmøre, og kanskje den mest vanlege sorten også i dag. Det var konsul Nicolay Knudtzon III i Kristiansund som hadde fått tak i pæretre frå Tyskland. I 1850 selte han eit slik tre til Einar Grønnes på garden Grønneset i Stangvika. Erik Husby fekk tak i podekvistar hos Einar Grønnes og produserte pæretre som han spreidde utover Nordmøre. Mange stod som veggtre. Han kalla sorten for «Grønnespære».
Broren, Jon Valset, var fylkesgartnar i Sogn og budde i Sogndal. Etter han var det fleire fruktinteresserte. Sonen Tormod Valset var m.a. fylkesgartnar i Oppland og budde på Gjøvik, og sonen Kåre Valset var dosent i frukt og bær på tidl. Norges landbrukshøgskole på Ås og har arbeidd med genressursar for frukt og bær. Yngstesonen Steinar levde av fruktdyrking og forpakta prestgarden i Leikanger og dreiv seinare fruktdyrking på Biri.
Erik Husby formidla Grønnespæren til bror Jon. Åberge planteskule er kanskje den einaste som sel denne sorten i dag - kanskje på grunn av at Jon Valset spreidde sorten i Sogndal. Jon Valset er gravlagt under ein stor blødbøk ved Sogndal kyrkje.
https://www.nibio.no/tema/mat/plantegenetiske-ressurser/kulturplanter-i-norge/hagebruksplanter/gronnsakssorter/erter/_/attachment/inline/1f879cd2-0385-453b-8dd2-4128cc0fc89e:58ee3e03696ee42a7cb6f55b8cad4136db6e8ae9/japansk_margert_av_husbys_stamme.pdf
Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ein frøstamme av eit pærefrø, eller ein grunnstamme av kvede eller pære (Pyrus communis). Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.
Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.
Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form


