Nytt frødelingssystem

Ein viktig del av KVANN sitt virke er å legge til rette for deling av frø og liknande mellom medlemmene våre. Dei siste åra har mykje av dette skjedd i dei ulike lauga, og det har både vore utfordrande å få med seg alle dei spanande tilboda, og kanskje også utfordrande for dei som ønsker å dele. No har vi endeleg lansert eit samla system for frødeling på nettsidene!
Mette Theisen har stått i bresjen for utviklinga av det nye systemet. "Det har vore ein lengre prosess, men til slutt landa vi på at det viktigaste var å få til eit arbeidsverkty som medlemmene kunne bruke. Vi fokuserte på å gjere det enkelt og brukarvennleg, og å få det ferdig i tide til frødelingssesongen. No ligg det klart til bruk, og eg håper mange av medlemmene vil legge inn tilbod" seier ho.
For å få tilgang på systemet må du ha eit aktivt medlemsskap, og vere logga inn på nettsidene. Då vil du finne den ved å følge denne lenka, eller ved å gå inn på "Planter" i den øvste fana på nettsida.
God frødeling!
Les også
Vis alle innlegg
FrøbyttedagPå den internasjonale frøbyttedagen 30. januar 2027 blir det arrangert frøbytte over hele landet. Du kan finne arrangementene på kvann.no etter hvert når de …
Frøberedskap på turné – vi fortsetter til våren!Foto: Selma Lou Reinhart fra Sogn Jord- og Hagebruksskule
Utsatt frist: konkuranseDet ble for få innsendte mini-videoer til konkuransen, så vi har utsatt fristen! Det er fortsatt mulig å sende inn ditt bidrag, og vinne en overaskelsespose …
Dr. Nansen - Eit minne frå ein ung nasjons idoldyrkingFridtjof Nansen fekk mange utmerkingar i sitt liv, mellom anna riddar av St. Olavs Orden med storkors og kjede, Dannebrogordenen, Victoriaordenen, den fransk…