Beskrivelse
Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ei ung rogn (om du ikkje har for kalde vintrar), eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.
Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.
Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.