Eple – Raud Melba – Podekvist

kr 135,00

Raud mutant av sorten Melba, som oppstod ved fri pollinering av sorten Macintosh ved Central Experimental Farm, Ottawa i 1898. Sporten er òg kalla Melred

Treet har middels kraftig vekst, som ungt opprett vekst, og etter kvart meir utbreidd krone. Det byrjar å bæra tidleg til middels tidleg, og etter kvart rikt og årvisst.

Frukta er middels stor og oval til flatrund. Den har kvitgul eller kvitgrønn grunnfarge, med raud og iblant stripete dekkfarge på solsida. ‘Raud Melba’ har sterkare raud dekkfarge. Eplene blir for det meste brukt til bordfrukt.

 

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategorier: , Availability:

40 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Eple – Raud Melba – Podekvist»