Frukt
KVANNs Frukt og Nøttelaug skipar podekurs for folk som ynskjer å laga sine eigne frukttre.

Om satsinga
Årvisst tilbyr me virusrensa og kontrollert plantemateriale, som grunnstammer og podekvist, pluss verktøy til å gjera vellukka podingar, som knivar, sakser, elastikk og podevoks, til sals. Nyleg er me òg byrja med eit årvisst sal av ymse importerte nøtter, som hjartenøtt, hickorynøtt, pawpaw og ymse anna.
KVANNs Frukt og Nøttelaug byrja fyrst som eit reint fruktlaug. Etterkvart som nye medlemmer er komne til, og breidda av interesser har auka, vart satsingsområdet til Fruktlauget utvida til også å omfatta nøtter. Podekursa har vore eit fast føretak heilt sidan oppstarten, og med auka etterspurnad har me sett oss som siktemål å halda podekurs lengst mogleg mot nord i landet som det er rimeleg å koma, noko som samsvarer godt med siktemålet til Schübelers hager, med å testa vekst og levevilkår for ymse plantevekster på stader i landet som ikkje alltid er openberre ved fyrste augekast.
KVANNs Frukt og Nøttelaug har hatt ymse samarbeid med offentlege institusjonar opp gjennom åra, då især med NIBIO, som har ansvaret for landets klonsamlingar av gamle fruktsortar, kor den attraktive podekvisten for KVANN sine medlemmer veks. NIBIO har vore ein veldig nyttig og hjelpsam samarbeidspartnar, og då fruktlauget skipa til podekurs for søtkirsebær, overlét me til NIBIO å stå for den faglege ekspertisen, medan podarane i fruktlauget sette seg sjølve på skulebenken. Å poda moreller er ørlite meir krevjande enn å poda eple, kan ein seia.
For NIBIO er òg KVANN ein nyttig samarbeidspartnar. For ein ting er å ha ein hovudklonsamling for frukttre på Njøs Frukt og Bærsenter i Sogn, og ein reserveklonsamling på Forsøksgarden NIBIO Lofthus, og ein reserve av reserven på den gamle gartnarskulen på Hjeltnes i Ulvik, og deretter igjen har me meir friveksande samlingar som Lier, Moi, Svinvik arboret og Ringve botaniske hage, og sjølvsagt NMBU Ås, kor dei forskar på sjukdom, og som me aldeles ikkje har lyst til å henta podekvist frå. Deretter igjen, der har du oss medlemmene i KVANNs Frukt og Nøttelaug. Me kan bidra med den mest desentraliserte og tryggaste bevaringsforma for gamle norske fruktsortar, sidan lauget sitt hovudærend er å hjelpa folk rundt i heile landet å laga sine eigne tre for å planta i sin eigen hage, og i sitt eige nærmiljø.
Melder du deg inn i KVANN, og deltek i Fruktlaugets aktivitetar, vil du òg vera ein del av denne dugnaden. Velkommen skal du vera.

Slik kan du vera med
Bli med i lauget Frukt og nøtter
Lauget hjelper folk rundt i heile landet å laga sine eigne tre.
Kom på podekurs
Lær å laga dine eigne frukttre.
Kjøp plantemateriale og verktøy
Grunnstammer, podekvist, knivar, sakser, elastikk og podevoks.
Kjøp nøtter til såing
Hjartenøtt, hickorynøtt, pawpaw og ymse anna.