Husk å logg deg inn først, dersom du skal kjøpe en billett til medlemspris.
Laster Arrangementer

« All Arrangementer

mai 24

Hageseminar – 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendal Have

mai 24 @ 10:00 - 16:00

Baroniet Rosendal har gleda av å invitera til eit spanande hageseminar våren 2025, der dei dykker ned i 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have. Professor Annegreth Dietze, Baroniet sin forskar og professor i hagekunsthistorie ved NMBU, vil leie dagen og gje eit unikt innblikk i hagens utvikling. Mari Marstein frå KVANN og Schübelers hager bidreg med kunnskap om kjøkkenhagens historie.

Gå hit for å kjøpe billett.

350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have

Program (med forbehold om endringar):

10.00–11.15 Hagevandring. Oppmøte ved Portboden

11.30–12.30 Frå nyttehage til rosehage – Rosendal Haves historiske utvikling
Ved Annegreth Dietze, professor i hagekunsthistorie ved NMBU og forskar ved Baroniet Rosendal

12.30–13.30 Lunsj

13.30–14.30 Frå renessansetidens hagebruk til dagens plantebevaring
Noregs første hagebok, Horticultura, blei skriven av Christian Gartner i Trondheim, og utgitt i 1694. Her blei mange nyttevekster tilrådd dyrka, og foredraget ser nærare på historien og bruken til eit utval av desse.
Kva verdi kan ein museumshage ha for bevaring av historiske genressursar og for bruken av desse plantane i dag?
Ved Vibekke Vange, dagleg leiar i NTNU Ringve botaniske hage. Ho har stor erfaring med bevaring av historisk plantemateriale, og arbeider med å auke samlingsverdien til plantesamlingane i Trondheim. Ho fekk Plantearveprisen i 2021.

14.30–14.45 Pause

14.45–15.45 Mangfald i kjøkkenhagen – frå 1700-talet til i dag
Frå 1700-talet har vi kjelder som fortel om kva som blei dyrka av bær, grønsaker og krydderurtar i norske hager. Korleis blei dei brukt den gong, og korleis blir dei brukt i dag? Kvar får ein tak i frø frå dei gamle sortane?
Dette vil Mari Marstein prøve å svare på. Ho er tidlegare konservator ved MiA – Museene i Akershus og pådrivar i nettverket KVANN – Kunnskap om og Vern av Nytteplantar i Noreg. Ho fekk Plantearveprisen i 2013.

15.45–16.00 Avslutning