Pærehagen på Baroniet i Rosendal var ein gong innhaldsrik og omfattande. No er det diverre ikkje like mange frukttre att. KVANN og Baroniet skal difor samarbeide om podekurs 2. mars kl 15-20. Der får du høve til å lære å pode gamle pæresortar, og du får med deg tre tre heim att. Dei overskytande trea blir donerte til Baroniet, slik at dei kan starte arbeidet med å re-etablere pærehagen.
Kurset gir grunnleggande informasjon om kva poding er, ulike teknikkar, om naudsynt utstyr, metodikk, teoretisk kunnskap og praktisk trening. I tillegg til at du får med deg tre av trea du lagar, får du og med deg eit grundig kompendium om poding og høve til å kjøpe podekniv og anna utstyr. På dette kurset vil vi nytte sortar som keiserinne, raud haustbergamott og skånsk sukkerpære, med frøstammar som grunnstamme. Om du ønsker litt meir moderne sortar på små stammar (kvede) så kan du tinge det i nettbutikken og halde fram med podinga litt seinare på våren. Eple blir poda med same teknikk, så ikkje ver redd for å prøve det og!
Kurshaldar er Eirik Lillebøe Wiken. Alle påmeldte får ein mail med praktisk informasjon om kurset. I etterkant får du tilsendt eit kursbevis frå Studieforbundet Natur og Miljø.
Påmelding gjer du her: https://event.checkin.no/195597/podekurs-paere-i-rosendal
Kurset blir i maskinhallen og velferden, Baronivegen 52-54. Parker på parkeringsplassen, gå i retning hovudinngangen, men ta så første til venstre slik at du kjem opp mot arbeidshusa.
