Husk å logg deg inn først, dersom du skal kjøpe en billett til medlemspris.
Laster Arrangementer

« All Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.
mai 13

Podekurs på Nesset prestegard (Møre og Romsdal)

13. mai 2025 @ 16:00 - 21:00

Velkommen til podekurs i Bjørnstjerne Bjørnson sin barndomsheim! Nesset prestegard arrangerer i samarbeid med Schübelers hagar podekurs for frukttre i mai. Kurset startar kl 16, men vi serverer suppe frå kl 1530. Send melding til post@kvann.no om du har nokre matallergiar eller liknande.

Dato/tidspunkt: 13. mai 2025 frå kl. 16 til ca kl. 21
Stad: Nesset prestegard i Romsdal
Kven kan delta: Alle
Antall plassar: 15
Pris: NOK 600 for medlemmer av KVANN og 950 for ikkje-medlemmer
Påmeldingsfrist: 10. mai 2025

Skildring: Kurset gir grunnleggande informasjon om kva poding er, ulike teknikkar, om naudsynt utstyr, metodikk, teoretisk kunnskap og praktisk trening. Du får grunnstammar og podekvist til å lage tre epletre som du får med deg hjem. Du får og med deg eit grundig kompendium om poding og høve til å kjøpe podekniv.

Kurshaldar er Eirik Lillebøe Wiken. Alle påmeldte får ein mail med praktisk informasjon om kurset. I etterkant får du tilsendt eit kursbevis frå Studieforbundet Natur og Miljø.

Detaljer

  • Dato: 13. mai 2025
  • Tid
    16:00 - 21:00
  • Kategorier for Arrangement: ,

Sted

  • Nesset prestegard
  • Prestegardsvegen 348
    Eidsvåg i Romsdal, 6460 Norway
    + Google-kart