Podekvist Conference Pære

kr 125,00

Conference Pære (Pyrus communis)

Alen opp av Thomas Francis Rivers i England. Tilkjent sertifikat av 1.kl. av RHS i 1885, og dette selskapet gav sorten namn etter ein konferanse for pæredyrkarar som vart helde same året. Sorten vart spreidd frå 1894. Kom til Noreg like etter år 1900 (NP s. 107-109) (Fruktsorter.no)
Treet veks kraftig på frøstamme, og dannar ei pyramidal krone som seinare blir meir utbreidt med tynne til dels hengande greiner.
Frukta er stor, forma varierer frå flaskeform med lang hals, til smal pæreform. (Norsk Pomologi – Pærer)
This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig or Medlemskap - bedrift.

Specs

Kategori: Availability:

16 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ei ung rogn (om du ikkje har for kalde vintrar), eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist Conference Pære»