Podekvist plomme engelsk sviske

kr 125,00

Engelsk sviske

Synonym: Frühe Englische Zwtsche. Stammar truleg frå området rundt Lübeck og Travemünde, der den var vanleg å dyrke på 1800-talet. Hardfør, kraftigveksande og dannar ei søyleforma pyramide. Blir skildra som tidleg- og riktberande i Danmark. Middel stor frukt med typisk sviskeform og sortpurpurrød farge når den er moden. Lysegult kjøt. Modnar i september. God til kompott.

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategori: Availability:

Utsolgt

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye plommetre. Du må og pode på noko; eit plommetre du allereie har, rotskot frå villplomme, eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist plomme engelsk sviske»