Eple – Nanseneple – Podekvist

Synonym: Dr. Nansen, Doktor Nansen, Rød Reinett

Historie: I 1896 var det ein kort notis i Norsk Havetidende med tittel Nansen-Æble. Redaksjonen

hadde da fått inn to eplesortar med forslag om å kalle dei Dr. Nansen. Den eine var innsendt av

B.E. Mathisen frå Fredrikstad, og får bra omtale i artikkelen. Den andre sorten vart beskrive som

mindre god. Sorten frå B.E. Mathisen meinte han var frå eit sådd eplefrø. B.E. Mathisen kontakta

Fritjof Nansen og fekk løyve til å oppkalle eplesorten etter han. Mathiesens planteskole, Korsør i

Danmark, kjøpte eineretten til å formeire sorten og sendte den ut under namnet Dr. Nansen. Den

vart også formeira i planteskolen på Ås under namnet Rød Reinett. Professor Misvær ved Norges

landbrukshøgskole fekk tak i tre av Dr. Nansen frå Mathiesesn planteskole og samanlikna med

Rød Reinett. Han konkluderte med at det var same sort. Doktor Nansen var også på lista over

sortar seld frå Aamots Planteskole i Eidanger i 1914.

Omtalen av sorten frå Fredrikstad kan stemme med det vi på NJØS har som Nansen-eple når det

gjeld utsjånad.

Ein av foreldra til Nanseneple i samlinga på NJØS er ved genotyping identifisert til å vera Kvit

Astrakan. Vi har ikkje greidd å identifisere den andre foreldresorten, men den ser ut til å ha

sorten Zwibelborsdorfer i si stamtavle.

Ploidi: Sorten er diploid.

Blømingstid: Tidleg bløming (som Discovery)

Haustetid: Tidleg til middels tidleg (som Gravenstein)

Blad: Middels lange, smale til middels breie, middels høgt til høgt lengd/breidd-høve (ca. 1,6),

bladrand er oftast rundt sagtanna.

Blom: Middels stor til stor, griflar lenger enn pollenberarar, kronblad overlappar som oftast,

underside av kronblad i ballong er mørk rosa.

Frukt: Middels stor til stor, fruktform konisk, beger lukka eller delvis ope, stilk middels lang ,

middels tjukk til tjukk, gulgrøn grunnfarge, oransje til raud dekkfarge i flammar og striper på inntil

halve eplet, kan ha litt korkrust i stilkhole, fruktkjøt kremfarga, kjernehusrom er opne mot aksen.

Kjelder:

Måge, F. 2016. Norsk frukthistorie sett frå Hardanger. Skald forlag, 440 s. (ISBN 978-82-7959-

243-3).

Misvær, H. 1935. Dr. Nansen – Rød Reinett. Norsk havetidende 51(4):108-109.

Norsk havetidende 1896. Nansen-æble. Norsk havetidende 12(12):194.

Liv Gilpin og Nick Howard (pers. komm.).

This product can only be viewed by members. To view or purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.