Pære – Bonne Louise – Podekvist
Sorten vart oppdaga i ein hage i Avranches i Normandie i 1788, som då nett var vorten kjøpt av ein kar heitande de Longueval. Sorten vart då fyrst kjent som Bonne de Longueval. Seinare fann de Longueval ut at han skulle heidra kona si, Louise, og bestemte seg for at pæresorten heller skulle kallast Bonne Louis. For å unngå navneforvirring med sorten Louis Bonne, som er ein heilt annan sort, fann dei det for godt at sorten skulle kallast Bonne Louise d´Avranches. Sidan den gong er sorten vore kalla både Louise Bonne og Bonne Louise.
Sorten kom til Noreg rundt 1830, då stortingsmannen C. F. Juell tok med seg fleire tre til heimen sin, Helle i Arendalstrakten, etter ein tur til Frankrike. Der etablerte sorten seg godt, og vart der kjent som Hellepærer. Sidan vart sorten spreidd til Balestrand og Ås, og vart etterkvart ein del dyrka i både Sogn og i Hardanger.
Sorten er lite hardfør, og bør plantast i lune solhellingar.