Velkomen til foredrag om dyrking av hjartenøtter (Juglans ailanthifolia var cordiformis) v/Oddmund Frøynes. Han har stått bak utviklinga av ein dyrkingsrettleiar for hjartenøtter som vart utarbeidd ved NIBIO Lofthus. Arrangementet er digitalt, og du får tilsendt møtelenke når du kjøper billett.
Hjartenøtt er ein ny art for kommersiell produksjon i Norge. Dei er ein vakker og velsmakande form for valnøtter som stammar frå Japan. Endå om det sporadisk er planta nokre valnøtt-tre gjennom tidene, finst det lite og ikkje systematisert kunnskap om dyrking, sortar og produktkvalitet under norske forhold. Erfaringar frå Danmark og Sør-Sverige er det næraste me kjem tilhøve som liknar dei beste dyrkingsområda i Norge. Dinest er forsking og kulturutvikling av valnøttproduksjonen i Canada det som truleg ligg nærast opp til dyrking i Norge.
Foredraget blir teke opp, og opptaket blir sendt til dei som har kjøpt billett.