Schübelers hagar, Verdsarv Urnes og Fortidsminneforeninga inviterer til podekurs for frukttre på Ornes i Sogn. Start- og slutt-tid er tilpassa fergerutene frå Solvorn. Dette er eit eineståande høve til å oppleve verdsarva kring Urnes stavkyrkje på ein ny måte. Nøyaktig stad for kurset vil bli sendt til dei som melder seg på.
Dato/tidspunkt: 28. mars 2025 frå kl. 11:30 til kl. 15:30
Sted: Ornes i Sogn
Kven kan delta: Alle
Antall plassar: 15
Pris: NOK 600 for medlemmer av KVANN og 950 for ikkje-medlemmer
Påmeldingsfrist: 25. mars 2025
Skildring: Kurset gir grunnleggande informasjon om kva poding er, ulike teknikkar, om naudsynt utstyr, metodikk, teoretisk kunnskap og praktisk trening. Du får grunnstammar og podekvist til å lage tre epletre som du får med deg hjem. Du får og med deg eit grundig kompendium om poding og høve til å kjøpe podekniv.
Kurshaldar er Eirik Lillebøe Wiken. Alle påmeldte får ein mail med praktisk informasjon om kurset. I etterkant får du tilsendt eit kursbevis frå Studieforbundet Natur og Miljø.