Er du nyfiken på poding? Har du poda før, men treng litt oppfrisking? Sit du med gamal kunnskap om poding og fruktdyrking som du kunne tenke deg å formidle vidare? Har du nokre frukttre heime som kunne hatt godt av fornying, men du manglar grunnstammar? Då er dette dagen for deg!
Velkommen til podedag i Herand. Her blir det mykje moro og lærerikt for heile familien:
Kl 10: Velkomen til Kulturhuset i Herand. Alt står klart av podekvist, grunnstammar, voks, strikkar, og det du elles måtte trenge, av eple, pære og plomme. Du betaler berre for det du brukar, og får med deg trea heim. Prisen pr tre blir mellom 75 og 200 kr, avhengig av kva grunnstamme og sort du vel. Erfarne podarar står klare til å dele sin kunnskap.
Kl 11:
-Barneprogrammet startar. Mari Jerstad (Marikåpa) fortel eventyr frå fruktverda.
-Matserveringa er i gang: Du kan kjøpe suppe frå Herand Kvinne- og familielag
Kl 12:
-Inne i gymsalen blir det musikk og foredrag
Kl 14:
-Pakkedugnad for dei som ønsker å bidra til at engasjerte fruktfolk over heile landet skal få tilsendt grunnstammar og podekvist.

