Podekvist plomme Althans

kr 125,00

Althans

Det fins mange Reine Claude-sortar, og Reine Claude d’althanns er ein av dei som har vore mest dyrka i Noreg. Oppalen av Herr Prochaska, gartnar hjå grev Michael Joseph Althann, i Swoyschitz, Böhmen. Nemnd i English Journal of Horticulture i 1869 som ein ny sort utsend av Ths. Rivers. Lansert kring 1850. Althanns har svært god kvalitet, og har vore mykje planta i fruktstròka i landet.

Treet veks kraftig og blir fort stort om det får vekse fritt. Unge tre har markert opprett vekst, og ein bør binde ned greinene for å få god treform.

Frukta er stor til svært stor, med høgraud eller purpurraud dekkfarge. Kjøtet er gulaktig, saftig og svært søtt. Sorten er sjølvsteril og treng pollensort. Den er kravfull og treng lang og god haust, og fruktene sprekk lett i regn. Althanns var ein av Reine Claude-sortane som var mykje planta ved frukttreteljina i 1946, med over 9.000 tre. Sorten fanst i 34 av 35 bygder (Ikkje i Lærdal).

Reine Claude d’Althanns – Nibio

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategori: Availability:

Utsolgt

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye plommetre. Du må og pode på noko; eit plommetre du allereie har, rotskot frå villplomme, eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist plomme Althans»