Eple – Haugmann, Raud – Podekvist

kr 135,00

Historie: Dette er ein raud sport av sorten Haugmann. Det skal vera to fargemutantar av Haugmann, der den best farga vart funne hos Odvar Wedøe, Søndre Oppegård i Totenvika 1968. Vi har genotypa eitt tre av vanleg Haugmann i sortssamlinga på Njøs. Ein av foreldresortane viste seg å vera Kvit Astrakan, den andre foreldresorten er ikkje identifisert.

Ploidi: Sorten er diploid.

Blømingstid: Tidleg bløming (som Discovery)

Haustetid: Tidleg til middels tidleg (som Gravenstein)

Blad: Korte til middels lange, middels breie, lågt til middels lengd/breidd-høve (ca. 1,4), bladrand er rundt sagtanna.

Blom: Stor, griflar lenger enn pollenberarar, kronblad er frie eller rører ved kvarandre utan å overlappe, underside av kronblad i ballong er lys rosa, dels med gulskjer.

Frukt: Middels stor til stor. Fruktform flatrund til avstumpa kjegleforma, tydelege åsar går frå begerende nedover frukta, kantete tverrsnitt, beger lukka eller delvis ope, middels lang og middels tjukk til tjukk stilk, grøngul grunnfarge, raud dekkfarge i flammar og striper på vel halve eplet, kan ha felt eller striper med dårlegare dekkfarge i raudfargen (kimærar), kan ha så vidt litt korkrust i stilkhole, sveittar litt, kremfarga fruktkjøt, kjernehusrom oftast lukka mot aksen.

Bortsett frå meir raud dekkfarge er Raud Haugmann identisk med vanleg Haugmann.

Kjelder:

Liv Gilpin og Nick Howard (pers. komm.).

Redalen, G. & S. Vestrheim 1991. Lær å dyrke frukt. Det norske hageselskap, 181 s (ISBN 82-504-1817-4).

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategorier: , Availability:

13 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til testing fro sjukdom. Om det blir funne spor av slikt så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Eple – Haugmann, Raud – Podekvist»