Pære – Comice – Podekvist
Det var eit hageselskap i Frankrike, Comice Horticol d´Angeres, som sådde nokre pærekjerner på 1840-talet. I 1849 fekk treet frukt, og det var ikkje kva som helst frukt. Det var det beste dei hadde smakt, difor ga dei sorten namnet Doyenné de Comice (komitéens beste). Sorten er oppgitt å vera blant dei mest utsøkte og fornemme sortar som er å oppdriva, og å ha ein elegant framtoning.
Sorten er kravfull, og bør ha ein lun vekseplass med god jord og mykje sol. God til espaliering.