Beskrivelse
Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.
Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.
Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form




Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.