Beskrivelse
Her kan du tinge podekvist frå Sagaplant sitt utval. Prisen pr kvist er 150 kr. KVANN sender ein felles ordre til Sagaplant, og får då kvisten saman med grunnstammane. Om du skal ha mykje kvist, så vil det lønne seg for deg å kjøpe direkte frå Sagaplant. Vi kan ikkje videreformidle sortar som det er sortsavgift på fordi desse krev ein eigen avtale.
Dette er ikkje ein vanleg nettbutikk, KVANN er ein frivillig organisasjon som arbeider for at folk i Noreg skal ha tilgang på dei genetiske ressursane som ligg i gamle nyttevekstar. Vi prøver å legge til rette for at fleire har eit rikt utval av gamle epletre heime i hagen eller på garden. Dette er ein stor dugnadsjobb, og vi kan ikkje garantere at vi får levert alle tingingar. Då får du sjølvsagt refundert kostnadane.
Fristen for å tinge grunnstammar og podekvist er 10. desember.





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.