Podekvist plomme Jefferson

kr 125,00

Kirkes

Sorten er alen av Judge Buel, Albany, New York kring 1825. Han presenterte frukt av sorten for Massachusetts Horticultural Society i 1829, og tre vart gitt til London Horticultural Society i 1841 som bar frukt for fyrste gong i 1845. Den amerikanske sorten som er mest omtykt i Europa. Fyrsteklasses kvalitet, men seint i bering og ikkje regulær. Ljones (1955) meiner at sorten kom til Noreg ein gong i 1860-åra. Med i sortssamlingane på NLH i 1874.

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategori: Availability:

Utsolgt

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye plommetre. Du må og pode på noko; eit plommetre du allereie har, rotskot frå villplomme, eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist plomme Jefferson»