Podekvist plomme Sigrid

kr 125,00

Utsolgt

Sigrid

Plommesorten ’Sigrid’ er ein lokal sort som blei funnen i hagen til Sigrid T. Vik på Karmøy i Rogaland. Ein gong på 1970-talet kom det kvist av sorten til Norges landbrukshøgskole på Ås, og ’Sigrid’ var med i forsøksfelta i mange år. Den var også planta på Sem i Asker, slik at det finst erfaringar frå to stader.

Trea er lette å dyrke, friske og fine, dei blir nokså store og veksten er opprett. ’Sigrid’ blomstra tidleg, eller på same tid som ’Opal’. Ikkje den største avlinga, og gir frukt på rundt 30 g.  Fruktkjøtet har fin struktur, om enn litt laust. Steinen losnar godt frå fruktkjøtet, til og med om fruktene ikkje er godt mogne. Overflata er raudblå, med blått dogg.

Mogningstida er frå midten av august og utover, altså samtidig med ’Opal’ eller nokre dagar tidlegare. Smaken var omdiskutert. Enkelte hevda at ’Sigrid’ smaka godt, medan andre reagerte på at fruktsafta inneheldt mykje syre (dobbelt så mykje som Opal). I smakstestar kom den bra ut. Smaken er litt svakare enn hos ’Edda’ og ’Opal’, men betre enn ’Rivers Early Prolific’.

Specs

Kategori: Availability:

Utsolgt

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye plommetre. Du må og pode på noko; eit plommetre du allereie har, rotskot frå villplomme, eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist plomme Sigrid»