Podekvist plomme Yakima

kr 125,00

Yakima

Sorten kjem frå ei tilfeldig frøplante funnen i 1902 i staten Washington, USA. Den blei spreidd frå 1925. Podekvist av ’Yakima’ kom til forsøksgarden på Njøs i 1937 og til NLH på Ås i 1950.Trea blir høge og smale, men vaksne tre er knapt middels store. Greinvinklane er tronge, slik at hovudgreinene er på ein måte trengde saman. Det er ikkje noko god treform, og greinene på trea bør regulerast heilt frå starten av.

’Yakima’ blømer samtidig med ’Victoria’ eller ein dag eller to seinare, frukta blir stor til svært stor. Det fins døme på plommer på over 100 gram. Fruktkjøtet er gult, saftig, strukturen er fast og god, men kjøtet er litt grovt. Smaken er god, men safta er prega av ein litt syrleg smak. Innhaldet av syre er nokså høgt, men det blir kompensert av bra høgt sukkerinnhald. Steinen losnar fint frå fruktkjøtet, og det er lett å flå huda av kjøtet. Den passar godt til hermetisering.

’Yakima’ tåler kalde vintrar, men blir godsmakande berre i varme somrar. Den modnar andre halvdel av september. Avlinga er i minste laget, ved NLH blomstra den ujamt frå år til år, og over ei årrekkje blei det litt for lita avling. Smaken er heller ikkje fullgod i alle år, den smakar litt for syrleg.

Yakima – Nibio

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategori: Availability:

24 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye plommetre. Du må og pode på noko; eit plommetre du allereie har, rotskot frå villplomme, eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist plomme Yakima»