Pære – Raud Haustbergamott – Podekvist

kr 135,00

Raud Haustbergamott Pære (Pyrus communis)

Treet veks kraftig, og vert svært stort. Årsskota mange, korte, held seg lenge lodne, seinare brune med glans; fine barkporer. Bladknoppane utståande. Blada matt grøne, små, ovale–elliptiske, ofte med lang spiss, nesten heilrandete. Blomeknoppane korte, spisse, glatte, svartbrune. Blomane middels store, kortstilka, grunt skålforma–nesten flate. Blømer middels tidleg, eller litt seinare.
Frukta lita, form regelmessig bergamottform–plattrund. (Norsk Pomologi – Pærer)
I Norsk pomologi er det nemnt at den er lik Hildesheimer bergamott, men at den ikkje må forvekslast med den, som er ein annan sort, spreidd frå Ås i 1880-åra. Bergamotter var dominerande mellom pærene som vart planta i tidleg planting av pære i Noreg. (Fruktsorter.no)
This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategorier: , Emne: Availability:

25 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ein frøstamme av eit pærefrø, eller ein grunnstamme av kvede eller pære (Pyrus communis). Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Pære – Raud Haustbergamott – Podekvist»