Podekvist Keiserinne Pære

kr 125,00

Keiserinne Pære (Pyrus communis) 

Sorten er av dei aller eldste pæresortane. Den har vore kalla patriarken blant pærene. Franskmannen Merlet skriv i 1890, at truleg er Pyrum Tarentinum som Cato og Columella nevner alt før Kristi tid, Keiserinne.

Treet vert som regel ikkje stort. Veks som ungt ganske kraftig, seinare moderat, og dannar ein uregelmessig, ofte skeiv, open, helst høg krone.

Frukta er middels stor, lang, men forma kan variera.  (Norsk Pomologi – Pærer)

 

Svært gamal sort, omtalt i Norsk pomologi. Viktig tidlegsort i mange, mange år, men er no ute av dyrking. Sogn var viktigste produksjonsområde for denne sorten, og Leikanger fruktlager hadde åleine nær 100 tonn av sorten i byrjinga av 1980-talet. Trea er utsette for kreft og skurv, og fruktene sprikk lett i regn. I frukttreljinga 1946 var den mellom dei mest utbreidde sortane, og berre i Skjeberg kommune mangla den i frukthagane. I 16 kommunar var det over 100 tre av sorten, og i Leikanger og Sogndal var det om lag 5.000 tre i kvar av dei to kommunane. Også i Luster og Norddal var det over 1.000 tre. (Fruktsorter.no)

 

https://www.nibio.no/tema/mat/plantegenetiske-ressurser/kulturplanter-i-norge/utvalgte-kulturminneplanter/frukt-og-baer/keiserinne–tidlegpaera-som-forsvann

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig or Medlemskap - bedrift.

Specs

Kategori: Availability:

14 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ei ung rogn (om du ikkje har for kalde vintrar), eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist Keiserinne Pære»