Podekvist Skånsk Sukkerpære

kr 125,00

Skånsk Sukkerpære Pære (Pyrus communis)

Frå Norsk Pomologi 2: Pærer:
Treet er kraftig, med open krone, nokså hardført. Treet trivst ikkje på kvede. Podast vanlig på frøstamme. Bærer rikt og ofte årvisst.
Frukta lita, topp- –kjegleforma, spiss mot stilken som står rett, lysegrønn med tydelige mørkegrønne punkt, ved full modning lysegul (som halm) med utydelige punkter, stundom med svakt raud dekkfarge, rust sjeldan. Kvaliteten er god bordfrukt. Haustast i august. Haldbar berre nokre dagar.

Vurdering. Sorten er hardfør, nøysom og motstandsfør mot soppsjukdom. Den er den pæresort som fyrst vert moden, og det er grunn til å planta den til eige bruk. Til salgsdyrking høver den ikkje, fordi frukta er for liten og av for simpel kvalitet. (Norsk Pomologi – Pærer)

Frå Fruktsorter.no:
Dyrka i Sverige under namnet sockerpäron og Augustipäron. (Ulriksen skriv om sukkerpæra i årg. 1911 side 78). Dahl fekk stadfesta at sorten er identisk med Gelbe Frühbirne av F.Lucas i Tyskland. Er ikkje lik Eneroths Augustipäron=Larsmässepäron
This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig or Medlemskap - bedrift.

Specs

Kategori: Availability:

13 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye pæretre. Du må og pode på noko; eit pæretre du allereie har, ei ung rogn (om du ikkje har for kalde vintrar), eller ein grunnstamme. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til virustesting. Om det blir funne virus så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Hardanger helga 20.-22. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil og bli podedag med høve til å utveksle kunnskap og erfaring, eplekake, årsmøte for KVANN, og mykje anna kjekt. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad/podedag): https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=9jf5niQ7jkiwyaaGLNdQ2YMbs7amZPFOqgzCTcHVRPxUQ1dOVEtLVzU5RU5HU0FPR0E1MkVZT0RXQy4u

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Podekvist Skånsk Sukkerpære»