Eple – Lærdalseple – Podekvist

kr 135,00

Synonym: Rikheimseple

Historie: Sorten vart truleg innkjøpt til Rikheims planteskule rundt 1850 og var litt spreidd derifrå. Det er same sort som vart spreidd frå Stedjes planteskule under namnet Engelske kalvillar. Det er mogeleg at dette er same sort som er kjend under namnet Engelske frå Luster alt i 1766, og som vart ein del dyrka i Luster heilt fram til 1950-åra. Opphavet til Engelske er ukjend.

Ved samanlikning mot ein internasjonal database har ein ikkje greidd å identifisere kva sortar som er foreldra til Lærdalseple.

Ploidi: Sorten er diploid.

Blømingstid: Middels tidleg bløming (som Aroma)

Haustetid: Tidleg til middels tidleg (mellom Discovery og Aroma)

Blad: Middels lange, smale, høgt lengd/breidd-høve (ca. 1,7), bladrand er oftast rundt sagtanna.

Blom: Middels stor, griflar er lenger enn pollenberrarar, kronblad overlappar, underside av kronblad i ballong er oftast mørk rosa, men stundom lysare rosa med gulskjer.

Frukt: Stor, fruktform avlangt konisk, tydelege åsar frå beger og nedover frukta, tverrsnitt kantete, beger lukka eller delvis ope, stilk kort til middels lang og middels tjukk til tjukk, stundom med kjøtbulk, gulgrøn til grøn grunnfarge, raud til brunraud dekkfarge i flammar eller utvaska på solsida, kan ha så vidt litt korkrust i stilkhole, sveittar ein del, fruktkjøt kremfarga, stundom med grønskjer, kjernehusrom opne mot aksen.

Kjelder:

Liv Gilpin og Nick Howard (pers. komm.).

Hjeltnes, S.H.1992. Gamle sortar frå Sogn. Årbok for Sogn nr. 38, Historielaget for Sogn, Sogndal:18-30.

This product can only be purchased by members. To purchase this product, sign up by purchasing Medlemskap - personlig, Medlemskap - bedrift or Medlemskap - prosjekt.

Specs

Kategorier: , Availability:

38 på lager

Beskrivelse

Her tingar du ein (1) podekvist, du kan regne med ca 4 brukbare auger på kvar podekvist, så om alt slår til kan du ende opp med fire nye epletre. Du må og pode på noko; eit epletre du allereie har, ein frøstamme av eit eplefrø, eller ein grunnstamme til eple. Du kan og pode på rogn, men treet vil ikkje alltid tåle vinteren. Du finn eit utval av grunnstammar i nettbutikken her. Du finn og voks, strikk og etikettar samla i “podepakkar”, og podeknivar.

Dette er ei førehandstinging. Det blir no teke prøver som blir sendt til testing for sjukdom. Om det blir funne spor av slikt så får du ingen kvist, men du får refundert kostnaden. Det kan og hende at treet ikkje leverer like mykje podekvist som vi håper på, då prioriterer vi tingingane etter kven som var først. Vi set ei maksgrense på 2 kvistar av kvar sort til kvar person. Om du tingar meir enn det, og det er mangel på kvistar ,så endrar vi utan varsel før betalinga blir trekt.

Kvist og grunnstammar blir pakka på dugnad i Finnskogen helga 5.-7. mars. For at vi skal klare å få til dette er vi avhengig av at flest muleg bidreg der. Det vil ei helg med spanande program fokusert rundt skogshagar og skogfinsk kultur. Meld deg på her (skriv i kommentarfeltet om du kun blir med på dugnad): Påmelding til vårsamling i Finnskogen 5.-7. mars 2027 – Fill out form

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Eple – Lærdalseple – Podekvist»