Vil du lage dine eigne frukttre?

Årets podekvistar og grunnstammar er lagt ut i nettbutikken – løp og kjøp (før 10. desember)!

Det finst fleire hundre ulike gamle fruktsortar her i landet, og for å ta vare på dei må vi ta podekvistar frå dei gamle trea og lage nye tre. Dei gamle sortane blir lagra i levande klonarkiv, som er spesielle gamle frukthagar rundt i landet. Kvart år vel frukt- og nøttelauget til KVANN ut nokre sortar som klonarkiva testar og formerer opp for oss, slik at vi kan tilby dei til våre medlemmer til kostpris. På denne måten bidreg KVANN sine medlemmer til å sikre at dei gamle sortane ikkje dør ut.

For dei som ikkje kan podekunsten enno, så tilbyr vi podekurs til våren. For dei som allereie er bevandra i den edle kunst har vi i år valgt ut podekvistar av tre sortar kvar av epler og pærer, og to sortar kirsebær. Her er det mykje bra og spanande, og viktige kulturarvsortar, så vi håper alle finn noko etter sin smak. I tillegg tilbyr vi eit utval av eigna grunnstammar. Alt dette finn du i KVANN sin nettbutikk. For å kunne bestille må du vere medlem i KVANN, og vere med i frukt- og nøttelauget. Innmelding i KVANN kan du ordne HER, og frukt- og nøttelauget finn du HER.

For å rekke å få formert opp rett tal av grunnstammar og podekvistar ber vi dykk om å legge inn bestillingane så raskt som muleg, og seinast 10. desember for podekvistane og 15. desember for grunnstammane. Legg og merke til at vi berre har eit avgrensa tal av Antonovka-grunnstammane, så om du vil vere sikker på å få desse så må du bestille raskt. Bestillinga gjeld først når den er betalt.

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: