Korleis hente podekvist og stratifisere frø til eigne grunnstammar

Sjølv om det er vesentleg billegare å lage sine eigne frukttre basert på innkjøpt podekvist og grunnstammar, enn å kjøpe ferdige tre på butikken, så er det råd å gjere det enda rimelegare om du har tid og plass til å dyrke dei fram sjølv. Det er og ei stor utfordring å få fatt på podekvist, fordi lovverket for deling er svært strengt, og dei fleste klonsamlingane rundt i landet ikkje har råd til å virusteste. Du kan finne noko podekvist til pære og plomme hos Njøs i Sogn, og til eple og anna hos Sagaplant. Men har du ein gamal spesiell sort i hagen så er det lurt å hente din eigen podekvist og bruke den.

Hardingane i fruktlauget har vore i Fyksesundet (ein avkrok av Hardangerfjorden) og laga video om korleis du kan hente og oppbevare din eigen podekvist. Videoen finn du her: Hente eigen podekvist

Vil du og lage dine eigne grunnstammar, så er det ein lengre operasjon:

Dei fleste nøtter og frukttre-frø vil ha ein kuldeperiode før dei spirer. Det kan du løyse på mange måtar, til dømes med å så i potter eller eigne såbed ute om hausten. Men du kan og så inne og sette i kjøleskåp.

utstyret som trengs til stratifisering av frø er satt fram: svart plastikkboks med jord, en boks med mose, merketusj, ziplock-poser. Og mellom disse: en skål med hjertenøtter i vann, og et glass med valnøtter i vann.

Frø frå frukt kan du gjerne så i fuktig såjord, mens større frø som nøtter kan vere like enkle å følge med på om du stratifiserer dei i mose. Har frøa ligge ei stund og tørka ut kan det vere lurt å legge dei litt i vatn først.

Eplefrø strødd litt for tett over fuktig såjord i en svart plastbakke

Du kan breddså som på bildet (men gjerne litt mindre tett), eller du kan så eitt og eitt frø i pluggbrett eller potter. Breddsåing sparer plass i kjøleskåpen, men krev at du priklar om seinare. Dekk frøa med eit tynt lag med såjord og/eller vermikulitt, og legg heile i ein plastpose. Så kan du sette dette i kjøleskåp.

bakerst en frøbakke med vermikulitt. til høyre en skål med hjertenøtter i vann. Foran valnøtter som ligger på et lag med mose og er halvveis dekket med et nytt lag med mose

Med større frø, som nøtter, kan mose vere eit godt medium for å halde frøa passeleg fuktige i kjøleskåpen. Legg dei utover eit tynt lag med mose, og dekk dei med eit nytt lag.

Legg så det heile i ein plastpose, som er godt merka med namn og sort, og gjerne dato.

Kor lenge frøa skal stå kaldt vil variere, og etter ein månad i fred og ro det kan vere lurt å sjå gjennom med jamne mellomrom og plukke ut dei som har spirt. Resten kan du la ligge litt til. Plant om dei som spirer i potter. For valnøtter, som har pålerot, er det viktig å ha djupe nok potter, helst meir enn 25 cm. Dei frøa som ikkje har spirt etter 8-10 veker i kjøleskåp kan du ta ut og sette varmt og lyst. Då vaknar dei ofte opp.

Det vil ta minst to år før treet er stort nok til å pode på. I den perioden kan du anten plante det ut på vaksestaden og pode på det der, eller så kan du ha det i potter. Men om vinteren ikkje er altfor hard der du bur, så kan det vere lurt å la småtrea stå ute om vinteren. Du vil få noko svinn, men det er truleg dei trea som ikkje ville klart seg seinare heller, etter at du har investert podekvist og arbeid på dei.

Related Articles

Responses

Kommende arrangementer: