Kven er kven i KVANN: Pode-Eirik i fri dressur

Copyright bilde: Katrine Helgheim

No som vinteren snart er på sitt mørkaste, er det på tide å glede seg til våren, og nye podekurs. Vi håper de får glede av dette intervjuet med Eirik, anten de allereie har vore på kurs og no gledar dykk til å sette kunnskapen ut i live, eller sit klare til å melde dykk på kurs i mars/april 2025.

Tekst og bilde: Marit Bendz

Det var ein gong ein liten indianargut i skogen på Ålgård på Jæren. No er han
podemannen Eirik med sin eigen, bratte skoghage på Telstø i Hardanger.

-Vi budde i eit arbeidarstrok på Opstad, der alle hadde drivhus, mimrar han. Den første
omgangen med frukttre var då ungane gjekk på slang og stal gamle sure eple.

-Men vi hadde ikkje lov til å gå til torvmyrane, der var det synkehol og Haugtussa, du veit…
Så hugsar eg mormor i Bergen og alle tantene då dei sat og skravla ved kaffibordet og alltid
plukka på stoveplantane for å fjerne visne blad.

Mora var strikkedesignar, difor flytta den vesle bergensfamilien til Jæren, der kunnskapen om
strikkemønster var svært ettertrakta.


Ei last med kvist

Mann med hatt snakkar i telefon, bak står ein open varebil som er full av kvist.
Eirik Lillebøe Wiken er lærar i permakultur og utdanna gartnar og arborist, noko han kan leve
av så lenge han steller den engelske hagen til ei diplomatfrue i Åsane i tillegg. Men
kremjobben er å halde podekurs. Planlegginga byrjar allereie no om hausten. Denne vakre
vårdagen i 2024 er vi er på veg til legendariske Hjeltnes, der kring ti spente deltakarar ventar
på Pode-Eirik. Den vesle varebilen er full av podekvistar, podestammar, verktøy i ein
amerikakoffert, plaster og litt ruskekvist til å øve seg på.

Kurset vert halde i drivhuset, ikkje langt unna klonsamlinga med rundt 100 sortar historiske
epletre. Eirik auser viljug av kunnskapen sin om kva poding er, ulike teknikkar, om naudsynt
utstyr, metodikk, teoretisk kunnskap og praktisk trening. Deltakarane får grunnstammar og
podekvistar til å lage tre epletre, som dei får med deg heim i tillegg til eit grundig
kompendium om poding.

Bablarar og sabotørar

Kvinne med grøn genser skjer podekvist i free style, medan mann med hatt ser på.

-Det er ein fordel å ha spikka seljefløyter i barndomen, understrekar han. Her er folk med og
utan hagar, med og utan erfaring med poding. Halldis Folkedal har med seg eit lite nurk, som
stirer fascinert på Eirik som hoppar og sprett rundt på golvet. Ho bur på Evanger prestegard
saman med søstera, dei to er også kjent som lokførartvillingane.

-Eg er ein kursbablar, seier ho unnskyldande.

-Det er heilt greitt, det er verre med sabotørane som av og til dukkar opp på kursa og som kan
alt frå før, ler podemeisteren.

Dei spikkar og surrar og dyppar, Eirik må fram med plasteret etter eit lite feilskjær av ein
kursdeltakarar, og etter ein lang, intens dag reiser alle heim med mykje ny kunnskap og nokre
poda epletre.

Vegen til skogs og podd


Interessene til unge Eirik gjekk frå fotball og moped til rølpepunkband. Kunstinteressa fekk
han med seg frå tantene, men den tok litt andre vegar då han byrja å synge og hyle som
vokalist.

Mora døydde tidleg, og Eirik vart sendt på folkehøgskule. Seinare vart det måling og
diktskriving. Ved eitt høve ville han bli sølvsmed. På metallina ved Akademiet i Rauland
oppdaga han skogen igjen, trollskogen, og faget folkelivsgransking. Vegen førte han
til Vegårdshei økologiske landbruk som praktikant, og Eilif Ås, som hadde huset fullt av frø
som han hadde samla.

Ivar B Løne, sjølve sjela til Vossakvann, vart mentor og ein god ven. Saman med kona Hege,
Eilif og Løne starta han Sjølvbergaren med frøkatalog, Stephen Barstow skreiv, dette var den
anarkistiske forløparen til KVANN, der Eirik er ein av leiarane i fruktlauget.

-Vi treng fleire, det skjer så mykje spennande, utbryt han. No jobbar fruktentusiasten med å
velje ut podekvistar til neste år.

I podden «Samtalar rundt surkålstønna» møter du Sunniva Kambestad og Eirik i samtalar med
meir eller mindre kjende originalar og kloke menneske, om stort og smått i spenningsfeltet
mellom natur og kultur. Podden starta i 2023 for å ære Løne på 100-årsdagen.

-Korleis kan gamal kunnskap berike vårt moderne liv? Det er sånne ting Eirik grublar over i
skoghagen sin no om våren.

Nytt vegkryss i livet


Huset til Eirik på Telstø ligg stupbratt til rett ovafor vegen i Fyksefjorden, ikkje langt frå
Øystese. I terrassane mellom vegen og fjorden ligg ein gamal frukthage med eple- og pæretre.

-Dette er ingen mathage, men ein skoghage, understrekar Eirik.

-Spør treet kva det vil. Men det vil neppe snakke med oss, slik vi har fare fram.
Eirik er sikker på at det bur ei kreativ kraft i oss menneske som gjer at vi MÅ spa.

-Kva tenkte jernalderfolket om jord? Eg trur dei var audmjuke. Naud gjev oss krefter. Her var
det tidlegare både geit, sau, hest, kyr og frukttre, dei dyrka bygg og havre. Det var ein
overlevingskultur.

Det koselege og kaotiske huset i vegkanten, som han og Hege kjøpte i 2004, har mellom anna
eit stort, rommeleg bibliotek med ei eldgamal utgåve av Snorres Kongesagaer. Men livet til
Eirik har igjen teke ein brå sving. No bur han åleine her, med dei tre ungane innimellom. Det
er stussleg, han har ikkje heilt vent seg til singellivet. Heldigvis har han mykje besøk, mange
rare folk er innom i løpet av eit år.

Anarkihagen i Alvastien

-No skal eg berre nyte, ikkje produsere. Mat kjøper eg i butikken, ler han, på omvising i
skoghagen, som ikkje er ein matskog. I den bratte skråninga ned mot fjorden er ei uendeleg
mengde ulike tre, han anar ikkje kor mange.

-Her er eit bananepletre, sådd frå frø, peikar han på eitt av dei gamle trea. No, tidleg i april
før dei sprett, ser dei ganske like ut for eit utrena auge. Men han veit namnet og historia til
alle. Innimellom har rabarbraen byrja å spire.

-Ikkje knip av blomen, den tiltrekker seg rovveps, som er gode hjelparar i hagen, formaner
han og peiker vidare på eit hjørne av skoghagen.

-Der er anarkiet, tre eg ikkje anar kva er, hehe.

Copyright bilde: Katrine Helgheim

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: