Nytt frødelingssystem

Ein viktig del av KVANN sitt virke er å legge til rette for deling av frø og liknande mellom medlemmene våre. Dei siste åra har mykje av dette skjedd i dei ulike lauga, og det har både vore utfordrande å få med seg alle dei spanande tilboda, og kanskje også utfordrande for dei som ønsker å dele. No har vi endeleg lansert eit samla system for frødeling på nettsidene!

Mette Theisen har stått i bresjen for utviklinga av det nye systemet. “Det har vore ein lengre prosess, men til slutt landa vi på at det viktigaste var å få til eit arbeidsverkty som medlemmene kunne bruke. Vi fokuserte på å gjere det enkelt og brukarvennleg, og å få det ferdig i tide til frødelingssesongen. No ligg det klart til bruk, og eg håper mange av medlemmene vil legge inn tilbod” seier ho.

For å få tilgang på systemet må du ha eit aktivt medlemsskap, og vere logga inn på nettsidene. Då vil du finne den ved å følge denne lenka, eller ved å gå inn på “Planter” i den øvste fana på nettsida.

God frødeling!

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: