KVEN er KVEN i KVANN: Sanking med herr og fru Johnsen
Fru Johnsen går ikkje så ofte i miniskjørt, gift er ho også, men elles er assosiasjonane til ei som går sine eigne vegar i bibelbeltet ikkje heilt fråverande.
Tekst: Marit Bendz
Foto: Kinkeliane og Marit Bendz
Eigentleg heiter ho Cathrine Johnsen, og har Stavanger, Ål og landet elles som sin eigen, spiselege hage. Saman med mannen Jone Sollid Næss, også titulert som herr Johnsen, driv ho firmaet Fru Johnsens Sopp og Nyttevekster.
Skattejakt i grøfta
Dei svinsar rundt på Storhaug. På alle små, grøne flekkar attmed stiar og vegar veks det mat. Om grunnen er kommunal eller privat er ikkje så nøye for den forhatte parkslirekneplanten, den har allereie sett nye skot. Jone skrellar stilken og det smakar syrleg og fortreffeleg, litt som rabarbra.
Hovudregel er å hauste unge, ferske blad før blomstring. Men alle dei bitte små spirene no i april kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre.
– Denne hundekjeksen til dømes smakar som mild og fin persille, men er lett å forveksle med giftkjeks eller hundepersille, som inneheld konin. Det er så giftig at det vart nytta ved drap, som i giftbegeret til Sokrates, fortel Cathrine.
– Men ei enda verre straff var å gje dei dødsdømte selsnepe, som gjev langvarige krampar før døden set inn, legg Jone til.
Cathrine dumpa innom ein permakulturfestival der Stephen Barstow heldt foredrag. Der og då melde ho seg inn i KVANN, meir som ein sovande medlem fram til 2022, då vart ho å vald inn i styret.
– Eg går ut av styret i år fordi eg ønsker å bruke tida mi meir aktivt på laugsnivå og bli meir kjent med medlemmene. Når herr Johnsen og eg reiser rundt og held kurs, er planen i år å besøke personar med tradisjonsplantar for å samle historier og frø frå mange delar av landet. Vi vonar at denne kunnskapen også kan delast og kome medlemmene til gode på sikt. Dei som ønsker besøk må gjerne seie ifrå, så prøver vi å helse på når vi er i nærleiken med sankemobilen. Engasjementet mitt kjem nok berre til å stige i åra som kjem, smiler fru Johnsen.
Brennande engasjement
Dei møttest på ein pub i 2001. Jone nådde ikkje fram til Cathrine, som var full av sosialangst og tykte Jone bråka fælt. Forholdet starta som ein kombinasjon av Amors pil og krangling. Sia har dei stort sett halde i lag, elska og krangla, i 2020 gifta dei seg. Eller var det 2022? Kanskje 2021? Dette småkjeklar dei vidare om bortetter stien, medan korga vert fylt opp med rynkeroseblad, engsyre og favoritten skvallerkål, som Cathrine bruker i falaffel saman med erter og lauk.
– Forresten – visste du at det ikkje finst norske erter i butikkane? spør ho og himlar med auga.
Både herr og fru Johnsen er sopp- og nyttevekstkyndige. Dei held kurs ilag og kvar for seg.
– Vi vil formidle galskapen i at vi dagleg går rett forbi masse mat. I skogane våre står tonnevis med bær og rotnar, i staden kjøper vi polske frå BAMA. Det har også ein helseeffekt i seg sjølv å gå ut i naturen. I tillegg er det mange gode næringsstoff i ville vekstar, bitterstoffa er bra mot hjarte- og karsykdomar.
– Folk er steinteite når dei heller kjøper salat på butikken, slår Jone fast.
– Men ein må vite kva ein gjer, ein kan ikkje plukke alt. Noko er giftig, supplerer Cathrine. Mora var eit hagemenneske, og lærte dottera skilnaden på giftige og spiselege plantar.
Naturen som medisin
Cathrine har slitt med angst heile livet, og jobba med mykje forskjellig; gatekjøken, kafé, kontor, hotell, butikk, bibliotek. Til slutt var ho på grensa til ufør, og fekk arbeid på ein gard gjennom NAV.
– Å jobbe med jord heila meg. Eg prøvde meg på kontor att, men det gjekk ikkje.
Ein dyktig sakshandsamar på NAV spurde: Kva kan du? Jo, ho kunne mykje om natur, sopp og nyttevekstar. Og ho hadde lyst til å bli gründer, starte for seg sjølv. Slik oppstod Fru Johnsen Sopp og Nyttevekster ENK i 2017.
– Det verste ein kan gjere med sosial angst er å halde seg unna andre menneske. Det er motiverande å møte folk med same interesse. Å vere i og hauste av naturen har ei heilande kraft.
Jone nikkar. Han har hatt med seg flyktningar med krigstraume ut i skogen.
– Dei kunne flippe heilt ut på norskkurs, men å vere på tur i marka og finne engsyre gjorde dei så glade.
Jone voks opp i blokk i gettoen på Storhaug, som han kallar det.
– Ein blir romsleg som vaksen når ein veks opp i eit kommunalt nabolag med narkomane og flyktningar, flirer den rimeleg fritalande anleggsgartnaren, som jobba som profesjonell plenklippar i 18 år i sjukehusparken. I 2021 starta han som dagleg leiar i det nyoppretta Fru Johnsens Sopp og Nyttevekst AS. I vintermånadane er han vaktmeister i ein idrettshall.
– Det er rein prostitusjon, eg gjer det berre for pengane. Dei vil gjerne ha meg fast heile året, men fru Johnsen seier nei, ho treng meg. Så da så.
Når han ikkje jobbar som vaktmeister eller sankar mat, spelar han bassgitar og hyler om Satan i svartmetallbandet Ljå. Då er det fru Johnsen som hjelper herr Johnsen med å teikne konsertbanner.
Så dei treng kvarandre. Han er den joviale, tilbakelente, morosame læraren, medan ho er den faglege sterke pedagogen. Dei utfyller kvarandre og snakkar av og til i munnen på kvarandre, i følgje dei som har opplevd paret i fri dressur på kurs.
Naturens antabus
Under ein benk på kyrkjegarden finn dei både brennesle og ryllik, som er ein velkjent medisinplante. Tidlegare leverte Cathrine ville vekstar og ulike soppar til restaurantar i Stavanger, men det var dårleg butikk for Fru Johnsen, så no sel ho berre til utvalde restaurantar som er viljuge til å betale rettvis løn for jobben. Ho tek heller ikkje storbestillingar med tanke på berekraftig hausting. Omsynsfull sanking er ein av fanesakene til Fru Johnsen..
– Sjå her! Dette er glimmerblekksopp. Den kan gje testikkelkreft, men koprin har også antabus-effekt. Så den kan berre edruelege damer ete, humrar Jone. Eller damer som ynskjer å slutte å drikke, ein vert skikkeleg sjuk om ein kombinerer denne soppen med alkohol.
Jone stoppar brått og peikar.
– Cathrine, sjå her! Det er svarthyll. Der også. Og der. Du sa at svarthyll ikkje spreier seg med frø!
– Nokon kan ha planta…..
– Nei nei nei. Sjå der kjem det ein også.
Så vert dei ikkje samde om det heller.
Kommentarer