No er butikken full av grunnstammar og podekvist!
KVANN er ein liten frivillig organisasjon, men no satsar vi alt på at vi har gode og engasjerte medlemmer som stiller på dugnad, for i år har vi lagt ut villt mange sortar av både grunnstammar og podekvist for tinging på kvann.no/butikk. Som de veit er ikkje dette ein vanleg butikk, men ein service som organisasjonen gjer for sine medlemmer slik at de får tak i det de treng for å bidra til å ta vare på dei gamle (og nye) fruktsortane. I år har vi, i tillegg til at de kan tinge sortar som NIBIO Njøs er i ferd med å virusteste, gjort avtale med Sagaplant om at de kan tinge podekvist frå heile deira repertoar gjennom KVANN. Grunnstammane er ein blanding av norskproduserte frå Sagaplant og importerte frå PlantSmart. Skal du ha mange så vil det nok lønne seg for deg å kjøpe direkte.
Om dette skal gå bra, og vere noko vi gjentek neste år, så er vi heilt avhengige av godt oppmøte på pakkedugnaden 21. mars i Hardanger. Same helga blir det årsmøte for KVANN, podedag med mykje kjekke aktivitetar, sosialt samvær, og anna hygge. Treng ein bistand til å dekke kostnader til reise og opphald så får vi til det. Og dei som kjem får sjølvsagt med seg sine grunnstammar og podekvist (og anna utstyr) heim og refusjon av fraktkostnaden. Meld dykk på her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx…
Det er ikkje sikkert vi får tak i alt de tingar; det er internasjonal grunnstammemangel, nokre tre kan levere mindre enn vi reknar med, det kan hende at Njøs finn virus, osb osb. Men vi prøver! Og for å vere mest muleg trygg på at vi kjem eit stykke fram i køa hos forhandlarane, så har vi sett frist 10. desember. Så ikkje vent altfor lenge med å finne ut kva du vil ha.
Kommentarer