Felles tinging av nøtter

Har du lyst å dyrka nøtter sjølv? Me prøver oss på ei felles tinging til Grimo i Canada. I utvalet finn du hjertenøtter, pawpaw, edelkastanje, hickorynøtter, pekannøtter, og nett no i siste liten; koreafuru. Somme sortar er ganske liketil å få til å dyrka, medan andre sortar krever ein litt større innsats å få til å spira, og ikkje minst veksa og trivast. Det meste av rettleiing finn du med eit google-søk, men skulle det vera behov for å snakka med nokon med meir erfaring, er det mykje god læring å henta ved å spørja på forumet til Kvanns Frukt og Nøttelaug. https://kvann.no/laug/frukt/

Fristen for å tinga nærmar seg med stormskritt. Benedicte førebur seg på å gjera fyrste del av tinginga i dag (8/9), og om du vil sikra deg best mogleg for å få tak i det du er ute etter, bør du gjera deg ferdig med tinginga i løpet av ettermiddagen.

Om du ikkje får gjort deg ferdig i dag, er likevel ikkje alt håp ute. Butikken vil halda ope nokre veker til, og deretter gjer me ei ny tinging med det som er komme inn på slutten, men då er sjansen for at det du er ute etter, ikkje lenger er tilgjengeleg på lager. Lukke til!

Utvalget finn du på https://kvann.no/butikk/

Relaterte artikler

Kommentarer

Kommende arrangementer: