Kven er kven i KVANN: Palmesus i oljebyen
På Bergeland Bydelssenter omkalfatrar Eldbjørg Bonner Hay bord og stolar før innrykket til den tredje workshopen om bylandbruk i Stavanger
Tekst og bilde: Marit Bendz
I løpet av dei seks åra Eldbjørg har jobba her, er gardsplassen til den tidlegare prestegarden rett ved Hetland kyrkje transformert frå plen til hage. Mellom vaid, kvann og shetlandskål ligg ei stor hole midt i eine bedet og ventar på noko stort; ein fire meter høg palme.
– Har du lyst på ein palme? spurde gartnaren ved Ringve botaniske hage i fjor haust, mest som ein spøk. Men Eldbjørg takka ja, og fekk med ein ekstra til den botaniske hagen i Stavanger i same slengen.
– Den skal settast når jorda er lageleg, fortel ho ivrig, å, kor ho gler seg! Men i morgon, 4. april, er det meldt snø. Våren er upåliteleg på desse kantar.
Italiensk decennium
Tidleg i tjueåra reiste Elbjørg til Italia på ferie. Det skulle gå ti år før ho kom heim att til Stavanger. Etter nokre år i utelivsbransjen ville ho oppleve meir av landet, og fekk seg jobb som gaid for norske turistar i Nord-Italia. Det vart så mange hagar og mykje kunst og kultur at ho like godt tok ein bachelor i kunsthistorie etterpå, for å organisere alle inntrykka.
Vel heime i Stavanger ville ho knyte saman det ho hadde lært med ei utdanning, så vart det ein master i administrasjon og leiing, eit erfaringsbasert studium på BI.
Skattekiste
Då Eldbjørg kom heim til gamlelandet etter ti år, kjende ho seg rimeleg utafor.
– I Italia er livet så nær knytt til kunst. Eg sakna alt, ikkje minst den italienske maten. Så eg byrja å dyrke palmekål i hagen, og fødselspermisjon gav meg tid til å eksperimentere. Å sitte med ein hage er som å opne eit smykkeskrin med planteskattar. Først kom matauk, så kom Covid, besøk på Flor og Fjære og eg byta ut kål med ulike plantar, gjerne med kule historier, til dømes vaid og amarant.
I hagen heime denne aprildagen spankulerer fire ulike høner rundt, den femte ligg klukk i verpekassa og er rasande når matmor hiver ho ut. I denne oasen bur Eldbjørg saman med familien sin.
– God jord og lys er det viktigaste i ein hage, så kjem kompost og pollinering. Ein periode hadde eg bier, men eg fekk så mange stikk at eg vart allergisk, så dei måtte eg gje opp i fjor.
Kreativ samlingsplass
I 2018 vart Eldbjørg tilsett ved Bergeland Bydelssenter for å opparbeide hagen der. Kommunen eig bydelssenteret, og betaler for løn og drift. Inntektene kjem gjennom utleige. Her er ei uendeleg rekke med arrangement, frå trim for ulike grupper, spikking og strikking, bingo og handarbeidsgrupper, bridge, dans, kor, kurs i plantefarging og i dag ein framtidsverkstad; korleis utvikle urbant landbruk i Stavanger med nærare 20 deltakarar. Mik van den Brink får idéane til å boble under presentasjonen av masteroppgåva si om bylandsbruk. Kva med oljearbeidarane med langfri og som eigentleg helst vil vere bønder?
Snikkarverkstad og keramikkverkstad: Gaute Slaattebræk (78) er pensjonert lærar, og visste ikkje heilt kva han skulle finne på då han vart pensjonist. I snikkarbua på Bergeland har han funne eit nytt liv. Terese Sørli og Anette Røe møtest i keramikkverkstaden fleire gonger i veka. Det er eit fantastisk tilbod, som dei håpar ikkje for mange får vite om.
Ein dag såg Eldbjørg ein annonse for eit foredrag og frøkurs på Ullandhaug gard.
– Dei reklamerte for gratis frø, det var difor eg gjekk, ler ho. Slik kom ho i kontakt med KVANN og Andrew McMillion. Han besøkte Bergeland og meinte bestemt at dette var ein typisk KVANN-hage. Då var vegen kort inn i Schübelers hage-nettverket og etter kvart styret i KVANN.
Ein Schübelers hage
– Bergeland er heldig som kom med i Schübelers som ein av dei første åtte hagane. Gjennom dette nettverket har vi fått finansiert ikkje berre frakt av palmen, men hagen elles, aktivitetar og oppgradering av verkstadene.
I byrjinga av oktober er det KVANN-samling på Bergeland. Palmen har kome på plass, og ivrige styremedlemmer, laugsleiarar og andre frøsamlarar beundrar den vesle, frodige hagen. Kverna og eplepressa går, frø vert delt, hagen beundra og vertinna Eldbjørg strålar. Dette har ho sett fram til så lenge.
– For meg er dette høgdepunktet i år, smiler ho.
Dyrk byen
Kva er det med oss moderne menneske og dyrking av mat? Eldbjørg trur det ligg i oss, heilt frå vi var nomadar.
– Vi er så bortskjemde i dag, så vande med at alt kan kjøpast. Covid var ein vekkjar for kor sårbare vi faktisk er. Ukrainakrigen var ein ny vekkjar. Det vil kome nye pandemiar og nye kriser som kan bli langt verre, meiner ho.
– I vår mobiltid er vi vande med kjapp belønning og at alt er tilgjengeleg. Vi blir late, fjernar oss frå naturen, alle er innelåste i sine eigne bobler, filosoferer ho vidare.
Å dyrke mat gjev meistring. Det å gje omsorg og næring til noko som gir attende lenge etterpå. Ho nemner boka «Dyrk byen» og etablering av nabolagshage på Tøyen. Det var ein suksess der alle typar folk møttest. Noko av det same har ho klart å skape på Bergeland.
Eplepressing: Nytt av året er kvern og eplepresse, som alle kan kome og nytte seg av.
Kommentarer