Dr. Nansen – Eit minne frå ein ung nasjons idoldyrking
Fridtjof Nansen fekk mange utmerkingar i sitt liv, mellom anna riddar av St. Olavs Orden med storkors og kjede, Dannebrogordenen, Victoriaordenen, den franske Æreslegionen, og så bortetter, og sjølvsagt Nobels Fredspris, men blant alle desse heidersbevisxningane, er det få som er meir evigvarande enn å få sin heilt eigen eplesort.

I 1896 vart det meldt i Norsk Havetidende, under overskrifta Nansen-Æble, at redaksjonen hadde fått i hende to heilt nye frøsortar av eple, som begge hadde fått seg namneetikett kor hen det stod skrive «Dr. Nansen»

Den eine sorten kom frå Fredrikstad, med avsender B. E. Mathisen. Den fekk god omtale i artikkelen. Blant anna er eplet stort og velforma, og meget vakkert. Fargen er gul, med sterk raudfarge på solsida. Kjøtet er noko fast, saftig, sødt-vinsyrligt, og med ein særs behagelig krydra smak. På lager burde eplet kunne halda seg til sist i desember. Om sorten skulle henda seg å vera hardført og riktbærande, burde eplet ha framtida framom seg, og fortjener å verta prøvd.
Den andre sorten fekk mindre bra omtale, og er ikkje nemnd noko vidare.
Uansett, den gode B. E. Mathisen gjekk vidare med sorten sin, og sendte eit eple til godaste Fridtjof Nansen, og spurde om den nye eplesorter hans kunne oppkallast etter han. Då var Nansen nett komen heim etter ein treårig ekspedisjon i Nordishavet, med polarskuta Fram. Noreg var i ellevill begeistring over bedrifta som han og mannskapet hans hadde prestert, og Fridtjof vart utsatt for uhemma heltedyrking uansett kor hen han skulle finna på å oppholda seg. Eplet nådde gjerne fram til adressaten, og eplet falt gjerne i smak, men det veit me egentlig ingenting om, for B. E. Mathisen fekk aldri svar på førespurnaden sin. Fart på sakene vart det fyrst, då redaktøren i Norsk Havetidende, Statsgartnar Nøvik, tilrådde Mathisen å senda Nansen eit telegram, med betalt svar. Då tok det ikkje lange stunda, før Fridtjof Nansen gav sitt bifall.

Sidan vart det kontakt mellom B. E. Mathisen, og ein planteskule i Korsør i Danmark, som heitte Mathiesens Planteskole. Desse kjøpte einerett til å formeira sorten, under navnet Dr. Nansen, og med eit slikt godt navn til varemerke, brukte dei ein god slump med pengar til marknadsføring.
Einerett til eit sortsnanvn er ein ting, men var sorten unik? Dei lærde stridest. I plantefeltet til Landbrukshøgskulen på Ås stod det nokre tre av sorten «Raud Reinett». Professor H. Misvær ved landbrukshøgskulen fekk sjå Nansen-eplet på ein utstilling i Askim hausten 1900. Han meina heilt bestemt at denne eplesorten hadde han vore borti før. Han skaffa seg difor eit tre av Dr. Nansen frå Mathiesens Planteskole, og samanlikna dette med Raud Reinett. Han konkluderte med at dette er samme eplet, og aldeles ingen ny frøsort som B. E Mathiesen hadde påstått. Karakteristikken til Professor Misvær er langt frå like god som redaksjonen i Norsk Havetidende sin. Eplet var riktignok stort og vakkert å sjå til, men ellers er smaken ganske alminnelig. På lager sveittar eplet so mykje at det er vemmelig å handtera, og dessuten får det prikksjuka ganske årvisst, og i enkelte år i slik grad, at når ein skjærer gjennom det, mistar ein heilt lysten til å eta det, og Professor Misvær vil helst rå folk ifrå å planta tre av denne sorten.


So gjenstår det å sjå no då. Kva tykkjer Kvann sine medlemmer om Nansen-eplet, den dagen dei sjølve har moden frukt av sorten på treet sitt? For no kan du nemlig kjøpa deg podekvist av Nansen-eplet i Kvann sin nettbutikk (kvann.no/butikk), og prøva sjølv om eplet er noko tess. Kan hende er dagens smakspreferansar meir til Nansen-eplets fordel. Kan hende var Professor H. Misvær berre i overkant kritisk? Kjøp deg ein podekvist, og kopuler den på nokre grunnstammer, og kanskje på eit tre som du alt har veksande i hagen. No har du sjansen til å gjera det. Lukke til!
Kommentarer