Frø er arvesølvet i krisetider
I totalbereskapsåret 2026 vert lokal og nasjonal grønsaks- og frøproduksjon lite omsnakka, sjølv om dette er eitt av satsingsområda til styresmaktene. I følgje Forskningsrådet meiner halvparten av innbyggjarane i Norge at nasjonal matproduksjon er like viktig som eit sterkt forsvar.
KVANN – Norwegian Seed Savers – har i eit innspel til jordbruksforhandlingane bede om verkemiddel til auka produksjon av bevaringsverdige nytteplantar, tilpassa eit norsk klima, som eit viktig bidrag til matberedskapen i Norge.
Produksjonstilskot for nytteplantar
Jordbruket har teke vare på gamle husdyrrasar gjennom bruk, og produksjonstilskotet er effektivt for å vidareføre desse viktige genressursane. På plantesida er det dessverre ikkje tilsvarande ordningar.
Medlemmene i KVANN tek vare på og distribuerer gamle potetsortar, laukar, knollar, frø og stiklingar av ulike nytteplantar, frå sør til nord. Det same gjeld podekvistar av gamle fruktsortar. Dette genetiske mangfaldet av sortar er tilpassa norsk klima gjennom hundrevis av år, og er ei gullgruve for beredskap og matproduksjon i ei ustabil verd.
Samanlikna med andre europeiske land har Norge marknadsført få lokale spesialitetar, men vi sit med ein stor genetisk plantearv som kunne vore nytta kommersielt.
KVANN oppmodar til etablering av produksjonstilskot for utvalde bevaringsverdige nytteplantar, etter modell frå tilskotet for bevaringsverdige husdyrrasar.
Tilskot til småskala dyrking
KVANN-medlemmene bur spreidde over heile landet, der dei testar eit rikt utval av både gamle og nye sortar av nyttevekstar. Ved å nytte eit større mangfald, tilpassa eit klima i endring, kan vi dyrke fleire typar grønsaker, frukt, bær, nøtter og urter kommersielt ulike stader i Norge. Dette gjeld gamle sortar, som hasselnøtter, humle, rabarbra og kvann, som i tidlegare tider var ein del av inntektsgrunnlaget for jordbruket rundt om i landet. Men også nye sortar, som kiwibær, valnøtter og graskar kan bli meir aktuelle framover når klimasonene flyttar seg.
Distrikts- og kvalitetstilskotet for frukt, grønt og bær er i dag avgrensa til nokre få artar, og minimumsgrensene for produksjonstilskot er på eitt og to tonn. Dette hindrar utvikling og produksjon av nye sortar og artar, og fører til det motsette av desentralisert, lokal matberedskap, ikkje minst i nord der sjølvforsyninga er lågast..
KVANN oppmodar til å utvide tilskotet for frukt, bær og grønsaker med fleire sortar/artar, også nøtter og urter. Minstekvantumet på 1 tonn bær og 2 tonn frukt bør reduserast eller fjernast heilt.
Eit tilpassa og levande frølager
Norge importerer i dag nesten 100 prosent av grønsaksfrøa vi treng, og den globale frøproduksjonen blir i stadig større grad sentralisert i lågkostland på den sørlege halvkule. Dette er eit sårbart system, og gir utfordringar med beredskap, klimatilpassing og fare for spreiing av sjukdomar. Det reduserer også høvet til å tilpasse våre eigne genressursar til eit klima i endring. For å auke sjølvforsyningsgraden for frø må det være lønsamt både å produsere dei og dyrke mat frå dei.
KVANN oppmodar til at tilskotet til frøavl vert styrka og utvida til å inkluderebevaringsverdige sortar.
KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge) er ein nasjonal interesseorganisasjon for bevaring av plantemangfald, særleg nyttevekstar, gjennom aktiv bruk. Foreininga distribuerer frø og plantemateriale frå genbankar og klonarkiv, og legg til rette for deling av frø mellom medlemene. KVANN arrangerer kurs og driv anna informasjonsverksemd. Føremålet til foreininga er å fremme berekraftig bruk av plantemangfald til bruk for hobby og produksjon i Norge, i samsvar med Nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk.
Kommentarer